Vi hadde også siste rest av ribbe og grisemør i helga. Til det hadde vi Farmor og Onkel Nils til å hjelpe oss med. Kake og kaffi høyrer sjølvsagt med etter ein julemiddag. Og Lone smakar på det meste... (Skal tru kvifor ho er så rund i kjakane...)
Oj, huskar når eg ser dette biletet at juleserviset har eg heilt gløymt å pakke vekk! Det står fortsatt i skåpa...
Ikkje alle var like enige i starten om at jula skulle ut.. Andrine protesterte då vi ville ha ut juletreet, men det gjekk over då ho fekk hjelpe til med å ta av pynten. Verre vart det når adventsstjerna skulle ned...
Eigentleg litt dumt å hive ut treet, kjempeflott tre som knapt hadde mist ei nål!
Må også ta med eit stemningsbilete av det flotte veret som var på laurdagen. Dette tok Bent når han var ute og trilla Lone litt før kl 10. Litt seinare på dagen var vi ute og tok ned alle utelys. Ungane leika seg ei lang stund i sandkassa, fekk nesten vårstemning av den høge temperaturen... (I skrivande stund er det minusgrader ute..)
3 kommentarer:
For eit hærleg bilete av Andrine... Skikkeleg hjerteskjerande, men likevel, so skjønn!!! Ikkje lett å kvitte sej med jula, men eg er einig i at det er godt når den er ute òg...
Ej e gla jula mi e ute... Men ej he no hatt mi sia 1. advent ej da ;o) No gle ej mej bære t sommer å sol :o) I helga skal ej t bjorli, å der e d eeeenda kaldere å eeeenda meir snøv... Jett om ej skal pakke maaaaasse kle da! :o)
Klem
-Anette-
Å ho andrine va bære sjønn der ho protesterte... :o) Sjøna egentla kaffør... Men d jekk sej vel tej :o)
D ligg vel i slekta me å vere rond i kjakan... ;o) Å gla i sukker å søtt e vel alle små... ;o)
Fint stemningsbilde da... Naturfotograf ;o)
Legg inn en kommentar