mandag 29. desember 2008

Ut på tur - aldri sur!

På søndag lokka det flotte veret oss ut på tur - det første fjellturen som familie på 5 ! Etter litt fram og tilbake kom vi oss ut (Det er mykje som skal klaffe når 5 personar skal på do og ha på seg godt med kle.. - samtidig og helst litt effektivt!! Neida, det skar seg, veit du..)

Her er Bent og Lone klar, med Varden som mål. Vi køyrde inn til barnehagen og parkerte der. Derifrå meinte vi det skulle vere ein grei tur opp til Varden..

Vel oppe på Varden måtte vi ha pause med kjeks og saft. Oda sørga for å skrive oss inn i manntalet :-) Veldig greitt å ha sekretær!


Her er jentene på Varden - Lone for aller første gong!
Og sidan Lone klarte seg så godt i beremeisen, kom vi til at vi skulle prøve å gå heim via Vassverket og ned til skulen.... Vi visste at det snart ville bli mørkt, men tok sjansen.. Bent skulle no vere kjentmann....

Og jentene gjekk og gjekk.. Andrine er berre litt over 2 år og imponerte stort!!! Her har vi ei pause med flott utsikt!
Etter kvart vart det mindre med pausar, det skymtes, og kvar var Vassverket!?! Etter ei stund kom Bent til at vi hadde gått for langt..!! (Skulle vi ha høyrt på Trine, som verken har traska sine barnesko på Austnes, eller kan skryte på seg å ha sanka poeng på HIL-trimmen..?)
Vi kan nok seie at det vart godt mørkt før vi kom ned att, men med flinke jenter går det godt :-)
Vi har ikkje teke skrekken, for denne turen skal vi ta igjen, berre litt tidlegare på dagen :-)))



Jula..... fortsettelse....

Etter pakkane var det tid for kaffi og kaker. Det vart is og kake midt i julegåvene...
Jentene kom seg i seng mellom kl 23.00. - 23.30. Heldigvis berre jul ein gong i året ;-)


"Pakke-styret" fann vi ut at det var greiast å ta oppe med oss sjølve... Det blir gjerne litt kaotisk!! Lone synest det var best å ta kvelden (sidan det vart såpass seint..) så i år har vi berre bilete av to jenter framfor juletreet :)

Etter at vi var ferdige å ete, hjalp jentene til med oppvasken.... Andrine tok i bruk fleire variantar når det gjaldt tørking ;-)


Jula hos familien Otterlei Austnes - i korte trekk..

Her har vi komt opp i sofaen - gode og mette...

Årets julemiddag åt vi nede hos farmor Astrid. Ikkje verst av ei dame på over 80 og invitere til julemiddag! Og maten smakte ypperleg :)

På kvelden/natta gjer vi klart huset og treet slik at ungane vaknar til eit julepynta hus. Så om morgonen er det ungane som får legge siste hand på verket med kuler og pynt på treet :-)



Tradisjonen tru kjem juletreet i hus først på julaftan... Dvs svært seint lille julaftan...
Årets juletre er nok blant dei flottaste vi har hatt i hus, men dyrt nok var det...


lørdag 27. desember 2008

Gratulerer med dagen!

Idag, for nøyaktig 26 år sidan, vart eg verdas stoltaste tante!
Då vart nemleg ei mørkhåra trulte som fekk namnet Anette, fødd :)
GRATULERER MED DAGEN, KJÆRE ANETTE.
Vi set utruleg stor pris på deg.
Klikk gjerne innom bloggen hennar og legg att ei helsing, då blir ho glad!

Anette har alltid vore svært flink med ungane våre, og er ein super fadder for Lone. Då vi rett før jul skulle på ein intensiv julehandel, tok Anette like godt med seg Lone i bhg. sin!! Her er dei to "tuttene" mine, fine, ikkje sant?

- "kem e du...?" (Her hadde Lone funne seg ein kompis, og dei hadde visst dansa og kosa seg :-)

Endå meir besøk....

På måndags ettermiddag reiste eg og Oda inn til Brattvågen på julegåve-byttings-besøk. Silje hadde allereie fått på plass juletreet, så det var berre å legge pakkane rett under treet!
Dessverre så vart besøket altfor kort, så snart blir det tid for eit nytt besøk :-)


På måndags føremiddag var Petar på besøk. Då fekk dei innvie eit nytt spel - "Elefun". Det var artig!

Meir førjulsbesøk

Søndag 21. des hadde vi hadde vi fjørtofts-besøk med kalkun-middag og kaffi og kaker. Kanskje litt bursdagsfeiring likevel...? Her er det Andrine som syng "Så går vi rundt om en..." i sofaen :-) Morfar og mormor hjelper til... Og Lone digger!

Her er Oda og farmor som "rydder" i eit spel..
Her er mormor med Lone og Andrine (Mormor likar ikkje å ligge ute på nettet... ;-)

onsdag 24. desember 2008

Førjulsbesøk!

Jula er tida for julebesøk, og vi har allereie starta... Fredag kom Dada og barna på besøk, noko som alltid er like koseleg :-)
Bildet på skakke igjen!!! (Trur eg snur kamera skeivt, slik at det trur at det står beint, men likevel ikkje gjer det.. Og då snur ikkje bileta seg automatisk i programmet... Vanskeleg...
Det var Dada som måtte trå til den natta Lone bestemte seg for å komme... Og som den gode nabo ho er, stod ho i døra 5 minutt etter at vi hadde ringt. Og då var klokka 4 på natta!!
Ser ut som om Lone ber litt om unnskyldning her..

Her er ein fin gjeng :) (Andrine klarer ikkje sitje stille så lenge av gongen, så ho forsvann ut av fokus..)


Englane er ferdige!

Årets juleverkstad-prosjekt er ferdig! Lovde vel tidlegare at eg skulle legge ut det ferdige resultatet. Vi synest sjølve at dei er veldig fine, og mamma Trine var glad då Oda bestemte seg for å ikkje gi vekk sin likevel.. ;-)
Det vart nok litt "på-holden-penn"på hår og vingar men målinga og liminga klarte dei fint sjølve.
Vil nok ta att denne vrien seinare også, anbefalast!!

Oppfordring!

Kanskje litt seint for denne gongen, men kanskje til neste år...?

I år prøvde eg meg på å vere litt miljøvennleg, nemleg å pakke inn julegåvene i gråpapir :)
(alle monner drar...) Dei fleste julepapir skal ikkje i papirinnsamlinga, men i boss... Gråpapir kan ein med god samvittigheit ha til gjenvinning (Om ein då ikkje overdriv bruken av klistremerker og glans, då...)

Og det beste av alt, pakkane vart både fine og stilige, og merkelappar kunne ein godt hoppe over :-) (Kva skjedde med bildet her då... Ville ikkje snu seg..!)

lørdag 20. desember 2008

Jippi! Eg har bursdag....

Idag 20. desember fyller Trine år!
Hadde vore kjekt om alle som er innom bloggen kunne legge att ei helsing til meg.. Dagen skal ikkje feirast, men det hadde vore koseleg med ei helsing :-)

Ei hektisk førjulsveke...

Denne veka har det vore ein del som har skjedd hos familien Otterlei Austnes. I tillegg til baking og vasking (?) er det tida for festar og avslutningar.
Her kjem ei oppsumering av veka før jul hos oss...:

Fredag var det skulegudsteneste i Haram Kyrkje. Trine og Lone tok turen for å få litt julestemning, og for å sjå på Oda. Fin og grei gudsteneste, ikkje for lang :) Lone likte salmane svært så godt, klappa og sang med!!

Torsdag vart det endeleg bydag på oss. Med ei lang handleliste var det viktig å vere effektiv.. Oda og Andrine var nede hos Farmor etter skule og bhg, så vi fekk langdag i byen. Lone er så heldig å ha "tante" Anette på jobb i bhg, og sidan dei hadde litt ledig kapasitet, fekk Lone vere der!!!! Snakk om service, eller!!! Så no reknar vi med at Lone er ferdig tilvent til bhg-livet :) Det hadde i alle fall gått svært så bra, seier Anette. Bilete av Lone sin bhg-dag kjem seinare. Takk Anette!

Idag kom også Ove heim etter endt militær-teneste.. Velkommen heim Ove :-)

Onsdag var Trine og alle jentene på Julefest på Flem Skule. Kjekk fest, men også her var det skumle nissar.. Einaste som synest det var greitt, var Lone. Dei to andre måtte dragast opp på scena for å ta imot pakkane sine :( Nei, vi vil ikkje ha besøk av nissen i år, ikkje julebukkar heller! Etter at programmet var ferdig, skulle det vere gang rundt juletreet. Men då var vi både svoltne og trøytte, så det får vi ta att ein annan gong...

Tirsdag er det jobbedag for mor, så då er det kort føremiddag og kort ettermiddag. Det vil seie at det blir lite gjort i heimen.. Men på kvelden var det personalfest for Flem Skule på Gunnabuda på Longva, med god mat i godt lag. Kjekt!!

Her er eit glimt frå tirsdagen.. Lone blir stadig meir aktiv og får stadig større radius. Her gjeld det å ha augene med seg!

Andrine synest det er godt å kunne ta det med ro om morgonen.. Når Oda og Bent har komt seg ut gjennom dørene og på jobb og skule, blir det litt rolegare i huset. Har Andrine sove litt frampå kan ho vere ganske så kosete. Her har ho teke med seg pute, smukk og kosekanina si opp i stolen for å sjå på barne-tv.. Desse dagane kan vi bli sein på bhg....


Tirsdag fylte også Torstein i Brattvågen år! Lone og resten av familien gratulerer så mykje med dagen. Håper det vart kake på deg!!
Mandagen var som kjent mormor på besøk. Då fekk vi gjort unna ein del forefallande arbeid.. Det gjorde godt :)



tirsdag 16. desember 2008





Måtte berre ta med litt fleire bilete frå pepperkake-pyntinga... Den gjekk mykje betre enn sjølve bakinga! Tru om det har noko med non-stopen å gjere.. ?

Oda synest det i alle fall er greitt å løyve både melis og non-stop :) Det vart lite kveldsmat den kvelden, pussig...

Og Lone får sitje ved bordet å "stjele" det ho får fatt i. Ho har ikkje ete melis her, sjølv om det kan sjå slik ut. I løpet av helga oppdaga vi også at den første tanna har dukka opp, ENDELEG!! Har streva med den, stakkar. Har nok ikkje gjort forkjølelsen noko betre, den tanna... Av erfaring veit vi at resten av gebisset kjem litt lettare, håper på same tilfelle hos Lone :-)

Helga.....

Helga har for det meste gått ut på å få ungane friske.. Lite uteliv trass godt ver :(
Men litt har vi no funne på likevel: Vi har endeleg fått pynta dei berømte pepperkakene våre! Pepperkakehuset i år hoppa vi elegant over. Ungane fekk sette saman og pynte pepperkakehus saman med Tante Liv den helga vi vaksne var i Ulsteinvik. Og to pepperkakehus er å overdrive!!
Fokuset på biletet vart litt feil her.. Men det viser altså to pepperkakepyntarar + alle prosjekta som i løpet av ein dag ligg på kjøkkenbordet (-men som innimellom må "kvile" seg på ein kjøkkenstol ved sidan av..) Prosjekta er for tida jule- og takkekortskriving, rydding i gamle bilete og laging av julepynt for ungane. Det hjelp ikkje alltid med stort kjøkkenbord, det blir uansett for lite! Av og til et vi mat ved bordet også.. ;-)

Måndag måtte Bent ha seg ei lita pause frå kontorstolen på jobb. Ryggen ville ikkje meir... Då er det greitt å ha trådlaust samband med data'n på kontoret. Resten av familien håper at rygg-ondet går fort over og at papsen er i full vigør igjen til jul :)

Søndagskvelden ringte mormor og lurte på om det var noko ho kunne bidra med i huset. Og det er det no alltids, spesielt etter ei veke med sjuke ungar. Rart kor mykje som har ein tendens til å hope seg opp!! Fysjom... Så etter ein del vekers pause kom endeleg soveromsgardinene opp igjen, kle vart lagt saman, og ikkje minst kosa Lone seg :)


Søndags ettermiddag var vi på Adventsfesten til UL Fram på Rogne. "Reisen til julestjernen" var eit flott stykke med flinke aktørar som imponerte stort. Hadde putta litt kleneex i veska til ungane, men det var det mor sjølv som måtte bruke. Lett-rørt, jada... Det som også høyrer med, er besøk av rogne-nissen, gang rundt juletreet, og ikkje minst eit utruleg godt kakebord.



Har til kvar jul prøvd å laga ett eller anna saman med Oda. I år er det englar som står på juleverkstad-programmet. Og i år fekk Andrine også prøve seg. Etter konsentrasjonen å bedømme, lovar dette godt for dei kommande åra :-)
Skal prøve å legge ut resultata på bloggen, trur dei blir fine...




søndag 14. desember 2008

Lone-gullet vårt


Det er no berre slik at Lone er eit ynda foto-objekt her i huset... Og når ein kan scrappe på data'n er det berre kjekt... :-)

fredag 12. desember 2008

Utfordring!

Oppdaga etter ei bloggrunde ikveld at eg hadde fått ei utfordring frå Siv... 5 ting eg ikkje kan klare meg utan! Dette kan bli vanskeleg....

1. Familien min, Bent og jentene våre, familie på Fjørtofta og i Brattvågen :)

2. Diverse el. hjelpemiddel som vaskemaskin, oppvaskmaskin, tørketrommel... Er glad eg lever i mi tid.. Kva gjorde dei før med store ungeflokkar!!! Og fotoapparatet!!! Har fleire tusen bilete liggande, elskar å kike i gamle albumar :) Visakortet.... Nei, no må eg stoppe, denne lista kan bli lang ;-)

3. Bent meiner at det alltid er noko eg skal ha gjort.... Så noko eg burde ha gjort istadenfor det eg eigentleg gjer... Huff, dette var innvikla.... Eg må alltid ha ei liste over ting som burde bli gjort, men eg finn helst på noko anna... Jada, mykje dårleg samvit her, ja. Ein lærer seg å leve med det... (No skulle eg eigentleg ha skrive jule- og takkekort)

4. Noko eg kan bruke mine kreative evner på! Har klart å opparbeidd meg eit stort arsenal av hobbybøker og hobbyutstyr, men akkurat no har eg for lite fritid. Venter i lengsel på hobbyrommet i kjellaren, der eg kan slenge frå meg arbeid utan å måtte rydde opp att til ei kvar tid.

5. Jobben min, som gir meg mykje meir enn ei inntekt. Etter jul kan ein vel seie at den ikkje gir inntekt heller... 2 dagars jobbing skal betale både bhg og sfo... Skal tru kva som blir att...


Hmmm.... Dette gjekk no rimeleg greitt likevel......
Men skulle ynskje eg kunne skrive friluftsliv, frukt og grønt etc. Men vinglaset som står ved sidan av meg er no laga av druer.. Hjelp det???

torsdag 11. desember 2008

Vaskedag i vasken....

På klubb igår la eg ut om at idag skulle det vaskast og luftast i huset. Ikkje kvar dag ein har så fine "lufteforhold".... Men når eg kom heim att, så hadde Lone fått feber. Det vart ei uroleg natt, kan ein seie... Andrine hadde halv dag i bhg igår, noko som gjekk bra. Difor skulle ho få seg ein halv dag idag og, sidan det var Nissefest og Nissemarsj. Men før eg var klar for å hente henne etter måltidet, hadde ho hosta til ho kasta opp. Så resten av dagen hadde eg to nokså reduserte småtroll i hendene :-(
Og huset? -Verre enn nokon gong... Så no skal eg inn på yr.no og sjekke om fineveret skal halde seg nokre dagar til, slik eg får tatt noko som kan likne jule-vask. Julehandelen er utsett på ubestemt tid...

Juleverkstad på skulen

Denne veka har det vore juleverkstad på skulen til Oda, og på onsdag fekk eg vere med å hjelpe til. Eg var på gruppa til Oda som lage englar. Kjempeflotte englar, supert tilrettelagt, og ikkje minst, ei roleg og god stemning over heile skulen :)
Imponert over opplegget når ein tenkjer på at dette går over 3 dagar, og at elevane har "storproduksjon" av juleprodukt. Her er Oda i gong med å pynte engelen... Glitter må til når det er jul :)



Testing av nytt kamera!









Her er nokre av bileta som har blitt knipsa dei siste dagane. Greitt kamera å bruke, men har ikkje heilt bestemt meg om det er bra eller superbra. Men betre enn det forrige er det nok uansett!

Andrine og Lone

Og sidan Oda er på skulen, får Andrine styre på rommet til Oda slik ho vil... Kjempegreier!!


Sidan Andrine har hatt ein del hoste etter helga, har ho vore heime og/eller hatt halve dagar i bhg. Dette synest Lone har vore heilt greitt :) Det blir liksom litt meir action i huset når søstrene er tilstades....

Nytt kamera!!

Etter brullaupet sat vi igjen med ein drøss mørke og dårlege bilete... Var det kamera eller fotografane si skuld?!? Trine var overbevisst om at vi måtte ha nytt kamera, og Bent lot seg overtale :) Så no har vårt nye Canon "powershot" G10 kome i hus!
Så no knipsar Trine i tide og utide, bruksanvisninga er enno ikkje lesen... Satsar på at nokre av resultata kjem inn på bloggen :-)

tirsdag 9. desember 2008

Og så var det gjort...

Etter ei helg utan parkett å skli på, hadde Lone ei lita aha-oppleving på mandagen. Sidan Andrine også var heime, måtte Lone dele litt på oppmerksomheita, noko som kunne bli litt kjedeleg i lengda. Lone har lenge vore ei "stødig" jente som sit godt på rumpa si, men etter kvart tok ho til å ake seg framover!!! Og etter kvart som ho fann ut at ho kom seg framover, kom tempoet også..! Då var det rett i kjellaren for å finne fram grinda som vi brukar å sette framfor ovnen, dette vart litt for spennande for mor..
I løpet av dagen vart radiusen stadig større, så no går det ikkje lenger å sette henne ned, og forvente å finne henne der ho vart plassert..
Nye tider, nye milepelar! :-)



Andrine sjuk...


Når vi kom heim att utpå søndagen, møtte vi ei febersjuk Andrine nede hos Farmor :(

Ho hosta til ho kasta opp, men det kan ho gjere til vanleg også, utan å vere sjuk. Men når kvelden kom, viste febermålaren 39,3.

Resten av kvelden låg ho å småslumra på sofaen, prøvde tappert å få med seg Blåfjell (biletet). Så no er det berre å håpe på at vi andre slepp unna..

Er eigentleg ikkje så glad i å legge ut slike bilder på nettet, men dette får gå..
Når vi er på hotell, har alle våre brukt å få "bade" i vasken når dei har vore små nok til det. Likeså med Lone.. Men ikkje er ho så særleg lita lengre, og når hotellet er nytt med moderne, grunne handvaskar, såg det litt komisk ut ;-)
Men Lone likte seg, og plaska i det lille med vatn vi fekk plass til..

Helga!


Etter litt fram og tilbake reiste eg på julebord saman med Bent på laurdagen. Oda og Andrine skulle vere saman med Farmor, Onkel Nils og Tante Liv. Lone fekk bli med, ho er såpass uroleg nattestider at det var like greitt å ha henne med..

Bent var på møte heile laurdagen, så då fekk eg og Lone trille i Ulsteinvik sentrum og sjekke shopping-moglegheitene. Vi hadde heldigvis med Dagny som guide, så shopping-sentra vart funne :))
Å ha med Lone på "fest" er i grunnen ei smal sak. Ho smiler og er blid, går frå fang til fang, og sjarmerer i vei... Ho somna i vogna rundt halv 10, der låg ho og sov fram til kl var 0100 på natta. Då var det vel på tide for foreldra å legge seg og...
Søndag var det tid for god hotellfrokost, før vi besøkte Dagny og Arve så snarast. Der forstyrra vi dei midt i arbeidet oppe i tomta, men eg er sikker på at dei trongde ei lita pause ;)

Heisann alle saman!

Ser eg har blitt "oppdaga", kjekt det :-) Får berre litt prestasjonsangst av det... Er ingen kløppar på data'n (ikkje sant, Anette), så framskritta blir nok ikkje så store så veldig fort.
Jaudå, eg kan godt ligge på ei bloggliste eller to. Det høyrer vel med det når ein har oppretta ein blogg :)

søndag 7. desember 2008

Meir julebakst :(





Hadde ikkje tenkt å publisere bilete av pepperkakebakinga vår... Men vi har altså laga pepperkaker! Var innom ein annan blogg der dei også sleit litt med idyllen når det gjaldt kvalitetstid med barna, difor kan eg også innrømme det: Ikkje alt går som planlagt!!


Vi fekk no til nokre brett, men har fortsatt ein del deig i kjøleskapet. Den skal få ligge til ein dag med meir opplagte unger, og ikkje minst, ei meir opplagt mor med lengre lunte...