mandag 30. januar 2012

Adventsfesten 2011

I år var det ekstra kjekt og spennande å vere på Adventsfesten til UL Fram på Rogne...
I år var nemleg Oda med som ein av nissane i spelet "De fattige barns jul"

Oda synest det har vore stas å sjå på spela som Barnegruppa på Rogne har sett opp. Og i år tok ho steget til å vere med sjølv....  :-)



Sminke må til skal ein vere aktør på ei scene.



Nissejenta vår er klar for teater-debut!
Ho sa sjølv at det var sommarfuglar i magen, men at ho ikkje var særleg nervøs..
( Men det var mor....)



Her er Oda saman med "Nissemor".



Her har vi både nissane og trolla i stykket. Ser eg ikkje har fått med "menneska" som stod til venstre på scena..  Ikkje lett å vere stolt mor, og samtidig både fotografere, filme og få med seg det som føregjekk på scena!  ;-)

Kort fortalt handla stykket om ein familie som var så fattig at dei ikkje hadde råd til noko ekstra på julekvelden. Nissane skulle hjelpe menneska, medan trolla gjorde rampestrekar. Sjølvsagt enda det heile godt, og det vart jul for alle saman  (.. veeeldig kort fortalt..)



Stykket hadde mykje fin sang og dans, og eg trur ( heilt objektivt sett.. ) at Oda klarte seg veldig godt :-)



Måtte berre ta med dette!
Sjarmtroll (-eller nissar ) heile gjengen!   :-)


Etter spelet var det tid for nissebesøk, kaker & kaffi, og tilslutt gang rundt treet.
Vi gler oss allereie til neste år!

onsdag 25. januar 2012

Rydding...


Lone er ikkje så veldig glad i å rydde...

Så av og til kan det bli litt "diskusjon" ang dette temaet :-)
Men ein ettermiddag fekk ho det føre seg at ho skulle rydde!! Heilt utan oppfordring!
Jepp, det finst håp...


(Det høyrer vel kanskje med til historia at ho hadde tømt både skap og skohylle for å få utført bragda...
- Men det såg bra ut, altså!!)

Pepperkakebaking

Fortsatt litt på etterskot...   ;-)


Ein av dei få kakesortane som vart prioritert baka til jul, var sjølvsagt pepperkaker. Alltid like vellukka, og iår tok vi å laga deiga sjølv også  ;-)

Og når mor skal forevige familieidyllen (!), må til og med far i hus trå til...   :-)



Litt "tørr" og umedgjerleg deig iår, men Lone synest det gjekk greitt likevel.



Oda klarer seg for det meste sjølv, hadde allereie fått god kjevle-trening på skulen, der dei hadde hatt juleverkstad.



Og så kjem det kjekkaste - PYNTINGA!!



Litt tjuv-smaking høyrer sjølvsagt med...   ;-)



Lone tok likså godt å pynta og åt samtidig :-)

Det seier seg sjølv at det vart pepperkaker til kvelds denne dagen, og mor måtte hjelpe til med pyntinga såpass det vart litt i kakeboksen også...

onsdag 18. januar 2012

Hjelpes.... !

Dramatiske scener på badet??


Neida, det er berre mor som sjekkar tannpussen med tyggetablettar  ;-)

Ser voldsomt ut, men ganske effektivt. Heldigvis vart det "godkjent" idag, men ho måtte nok legge seg med raud tunge....

søndag 8. januar 2012

Førjulstid

I tida før jul er det som vanleg mykje som skal skje, kanskje av og til litt for mykje..
Men det er vel dette som lagar litt av førjulsstemninga også, så då er det vel berre å gå på med krum hals ;-)


Nissemarsj i barnehagen høyrer med, dette biletet er teke etter at smånissane har kome heim att  :-)


På Lucia-dagen inviterte bhg til Foreldrekaffi.
Det vart ei koseleg stund med kaffi & kaker, og ein flott opptreden av kvitkledde bhg-ungar.
(.. og mor fekk klump i halsen då ho vart klar over at det var den siste jula Andrine kunne markere i bhg.. Neste jul er ho skule-jente!)


Litt seinare på Lucia-dagen, var det Barnekoret som skulle i elden. Dei skulle synge på Kvileheimen på Longva, og samstundes ha ei lita juleavslutning.
Her er det to veslesøstre som har "sneke" seg med og fått bli med storesøstrene på kor. Dei fekk låne både kjortel og lys, og bli med i opptoget. Og det såg ut som om dei var garva kormedlemmar der dei rusla saman med store-ungane  :-)     (Sjølv om det på biletet her ser ut som om dei er litt prega av stundens alvor..)


Kor-jenta vår!

Adventskonsert

Første søndag i advent var det også tid for Adventskonserten i kyrkja.

Dette er eit fint høve til å komme i julestemning, med tenning av julegrana på "Bankplassen" etterpå.

I år var det ikkje Oda som bidrog med sang og sjarme med Barnekoret Noah, men Andrine som eeendeleg har blitt gamal nok til å bli med i kor!  :-)
(Biletet er sjølvsagt teke, utan blits, frå vår vanlege plass langt bak...)


Bilete av julegrantenninga hoppa vi over iår, då veret var særs surt og kaldt...

Men det lyt vel nemnast at også mor i huset bidrog på årets Adventskonsert, med althorn saman med Flem Skulekorps...  ;-)


Årets Julemesse

Første helga i advent, arrangerer Haramsøy Skulekorps si tradisjonelle Julemesse.
Og som "ferskingar" i skulekorpset, fekk vi vår deby både som kakebaker og musikant :-)


Julemessa inneheld både ein liten julekonsert, tombola og sjølvsagt salsmesse.
Det viktigaste for oss var nok at Oda skulle opptre saman med dei andre aspirantane. Det var nok mor sjølv som var mest spent, sjølvsagt heilt utan grunn :-)    Det gjekk nemleg heilt flott!


Stolt aspirant som er klar for sin første konsert :-)

Og etter konserten, var vi klar for å la førjulsstemninga sige inn...

FJPSF 2011

Årets FJPSF-vert iår, var Lars.
På grunn av eit stramt "helge-opplegg" for dei fleste i tida føre jul, vart FJPSF arrangert allereie 19. november. Til gjengjeld klarte Lars å samle heile FJPSF-gjengen. Ikkje verst!



Sjølv om det vart tekne mange blinkskot denne kvelden (natta?), er dei bileta reservert FJPSF-boka...

Vi takkar Lars for framifrå vertskap, og gler oss allereie til neste år ;-)

lørdag 7. januar 2012

Eldar Vågan - konsert !

Siste helga i oktober, hadde Haramsøy Skulekorps eit samarbeid med artisten Eldar Vågan.

Korpset hadde øvd inn ein del Vågan/Vaselina -  hits, og etter ei øvingshelg saman, vart det avslutta med ein flott konsert søndagen.
Oda har denne hausten vorten aspirant i korpset, og fekk difor vere med i koret, samansett av aspirantar og elevar frå mellomsteget.
Kjekk opplevelse for alle, og eg trur både korps, kor, publikum, - og artist, kosa seg stort på konserten :-)



(Ikkje det beste opptaket eg har å vise, men slik blir det når ein - som vanleg - hamnar litt langt bak i salen...)

mandag 2. januar 2012

Istadenfor Halloween...

Også i år kom spørsmålet om å få lov til å "gå Halloween" opp...
Sidan eg synest at dette ikkje er ein del av vår tradisjon (- og ikkje treng å bli det heller...), måtte vi finne på noko som kunne vere eit godt alternativ.


Difor leitte vi fram alle refleksa vi hadde i huset, kjøpte inn litt ekstra godteri, og lot jungeltelegrafen gå om at det var Skattejakt på skuleplassen.
Alle fekk beskjed om å ta med seg lommelykt :-) 

Poenget var å finne postar (dvs boksar med godteri..) som var gøymt i mørkret, med hjelp av lommelykt. Postane var merka med refleks, slik at dei skulle vere lette å finne. Ved kvar post fekk ein velge litt snop som ein putta i medbrakt pose.
Etter eit par runder med skattejakt, var det ein fin flokk med ungar - fulle av sukker  ;-)


Oda og Lone ser i alle fall nøgde ut :-)


Vi var kjempeheldige med veret, og dette fristar til gjentaking. Spennande å kunne gjere noko ute, sjølv om ettermiddagane har blitt mørke.

Og vi var så heldige at vi fekk avslutte kvelden med pizza nede hos nabo'n   ;-)



Mor i huset på konsert !!!!

I oktober  fekk mor i hus ein kjekk telefon, med spørsmål om å bli med på konsert.
Om ho ville !?!

Her var det berre å leggje frå seg alt som heitte dårleg samvit, og takke JA!

At konserten var med Peter Jøback, i samarbeid med Ålesundskoret Von Dess, var bonus  ;-)



I forfjamselsen over å skulle noko ( aaaldeles ute av trening, her..), låg kameraet att då vi gjekk på konserten.. Angrer sterkt på det i etterkant!  Har istaden foreviga ho som tenkte på meg då ho bestilte to billettar :-)

Konserten svarte i høgste grad til forventningane, både ndg solisten og koret (Koret hadde mange dyktige solistar, dei også!)
Peter Jøback er ein dyktig sanger, historieforteljar og ikkje minst sjarmør ;-)
Konserten vart "nytt" frå byrjing til slutt.

Kvelden vart avslutta med ein betre middag, og eit glas god drikke, før vi rusla heim til lånt seng. Ikkje noko uteliv denne kvelden, men eit par timar med små-prat i sofaen istadenfor.


Her er kveldens vert :-)
Takk for henting, bringing, og lån av seng!


Fjelltur

Søndag 16. oktober fekk vi det føre oss at vi skulle ha oss ein fjelltur. Heldigvis hadde Malin og mamma'n også dei same planane, så vi fekk litt drahjelp med å komme oss avgarde .-)

 (-har faktisk datoen skriven opp i kalenderen min!! Såpass sjeldan på fjelltur, ja...)


Det var ei skral form som vart stadfesta opp råsa frå skulen, men vi kom oss no gjennom både Røhammaren, Stormyrhaugen og Varden.
Her er vi på Røhammaren, med Lepsøya i bakgrunnen.

Rimeleg fornøgde med oss sjølve når vi kom nedatt :-)


Bent tok også same vegen saman med dei to minste ( hoppa over Stormyrhaugen, dei då), og eg må nok innrømme at eg var meir imponert over innsatsen deira..
Omtrent jamn "trasking" i over 2 timar, utan ein einaste sjokolade som lokkemiddel!!

Litt betre form hos den yngre garde, ja  ;-)

Tuppen & Lillemor


Må publisere nokre "Tuppen & Lillemor"-bilete  :-)

Balljenter

Søndag 25. september var fotball-laget til Oda, balljenter for Fortuna på ColorLine-stadion.
Ikkje ei kvardagsleg hending det, og ei kjekk erfaring å ta med seg  :-)


Her får dei litt info om korleis saker og ting går føre seg...


Litt spennandes, veit at Oda hadde litt sommarfuglar i magen  ;-)

Admiralen


Tidleg på hausten var Admiral-sommarfuglen ofte å sjå.
Nydeleg sommarfugl, med flotte haustfargar!
I buskene til Mormor på Fjørtofta, kunne vi telje fleire ti-tals på ein gong!

Hobbyfotografen Trine fekk brynt seg litt her...   ;-)