mandag 2. januar 2012

Istadenfor Halloween...

Også i år kom spørsmålet om å få lov til å "gå Halloween" opp...
Sidan eg synest at dette ikkje er ein del av vår tradisjon (- og ikkje treng å bli det heller...), måtte vi finne på noko som kunne vere eit godt alternativ.


Difor leitte vi fram alle refleksa vi hadde i huset, kjøpte inn litt ekstra godteri, og lot jungeltelegrafen gå om at det var Skattejakt på skuleplassen.
Alle fekk beskjed om å ta med seg lommelykt :-) 

Poenget var å finne postar (dvs boksar med godteri..) som var gøymt i mørkret, med hjelp av lommelykt. Postane var merka med refleks, slik at dei skulle vere lette å finne. Ved kvar post fekk ein velge litt snop som ein putta i medbrakt pose.
Etter eit par runder med skattejakt, var det ein fin flokk med ungar - fulle av sukker  ;-)


Oda og Lone ser i alle fall nøgde ut :-)


Vi var kjempeheldige med veret, og dette fristar til gjentaking. Spennande å kunne gjere noko ute, sjølv om ettermiddagane har blitt mørke.

Og vi var så heldige at vi fekk avslutte kvelden med pizza nede hos nabo'n   ;-)



Ingen kommentarer: