søndag 8. januar 2012

Adventskonsert

Første søndag i advent var det også tid for Adventskonserten i kyrkja.

Dette er eit fint høve til å komme i julestemning, med tenning av julegrana på "Bankplassen" etterpå.

I år var det ikkje Oda som bidrog med sang og sjarme med Barnekoret Noah, men Andrine som eeendeleg har blitt gamal nok til å bli med i kor!  :-)
(Biletet er sjølvsagt teke, utan blits, frå vår vanlege plass langt bak...)


Bilete av julegrantenninga hoppa vi over iår, då veret var særs surt og kaldt...

Men det lyt vel nemnast at også mor i huset bidrog på årets Adventskonsert, med althorn saman med Flem Skulekorps...  ;-)


Ingen kommentarer: