fredag 31. juli 2009

Olsok på Fjørtofta

Laget som har teke tak i, og held ved like Gamle Otterlei Skule, har dei seinare åra laga rabarbragraut, som bygdefolket kan få kjøpt olsok-dagen. Heldigvis var det utever denne dagen, så vi fekk sitje ute. Vi hadde då "proppa" i oss rips og vaniljesaus rett før vi drog, men grauten måtte vi no smake likevel (-og det var godt!) Elles gjekk det på vafflar til ungane :-)

Kjellaren på Gamle-skulen huser steinamlinga til Petter Dyrkorn. Vi måtte sjølvsagt kike innom der! Viste du at for veeeeldig (veeeldig!) lenge sidan låg Norge der Kina ligg idag?!?
Ole Roger Dyrkorn viste oss litt rundt, slo flint, og Oda vart den stolte eigar av ein diamant-stein... :-)


På veg heim måtte vi ha oss ei lita "runde".. Her er Brunkleggen Lykt sett frå Vågholmane.


Fjørtofta - finaste plassen på jorda! ;-)

mandag 27. juli 2009

God natt! (?)

Denne veka har vi prøvd å få gjort litt i kjellaren. Men med 3 ungar i huset og elles tusen andre ting å gjere, har det ikkje blitt så mykje som vi håpa på..
Men litt har vi no gjort, bl.a. rydda kjellar, måla litt, vore i byen og handla møblar (-og sett saman nokre av dei!!), og vaska og ordna...

Så ikveld var det klart for "sengebytte" ;-)
Oda tusla seg ned i kjellaren til sitt noko uferdige rom enno, medan Andrine har arva senga til Oda. Målet er at alle skal ha (i alle fall for ei periode) sengeplass i kjellaren.

Trur nok Andrine vil søve godt i natt, med prinsesser på både dyne og pute...

Lone søv i senga si som vanleg, men måtte no ha med bilete av ho også ;-)
Satsar på ho søv som ein engel i den nye nattdressen sin..
Søt, ikkje sant?!?

Bonusbildet!

Måtte berre ha med denne serien av Lone...
Ho er litt av ei trulte for tida, finn på meir og meir :-)


søndag 26. juli 2009

Siste rest av ferien...

Må ha med litt fleire bilder frå ferien...

Laurdagen åt vi først ein god frokost på hotellet (-og hoppa i senga!!), før vi rusla ned i gågata i sentrum. Der kom vi over same gateseljaren som for eit par år sidan laga namneskilt til Oda! Så i år var det Andrine som fekk seg skilt :-) Denne karen sager ut -på frihand!- det namnet du ynskjer å ha på skiltet, medan du står og ventar. Utruleg artig å sjå korleis namnet kjem til syne på finerplata, sikkert nokre år med øving for å få dette til!

Ellers vart det no litt shopping, og ein god lunsj på ein restaurant med utsikt over elva :-)
Til slutt var det bading på Jorekstad Fritidsbad, før vi sette kursen mot hytta igjen. Vi kan vel seie at vi har 3 badeløver som kosa seg i vatnet. Lone plaska på grunna, medan dei 2 eldste raskt fekk taket på sklia ;-) (Ingen bilder herifrå sidan det ikkje er brukvisa å ta bilete på slike plasser)

Elles må det nemnast at jentene var godt trøytte når vi seint kom fram til hytta att....

Andrine studerer utsikta medan vi ventar på lunsjen vår. Ho hadde bestillt makaroni, men det vart nok chips -igjen... (Ikkje alltid like lett å ete ute med ungar som ikkje likar det meste ;-)



Søndagen hadde vi brukbart ver på hytta, så då måtte vi ut på luftetur. Ikkje lange biten, men vi fekk no rørt på oss...

Søndags ettermiddag bestemte vi oss før å pakke og reise heim.
Dårlege verutsikter og slitne jenter, gjorde at vi avslutta ferien ein dag eller to før planlagt. Dessutan hadde vi ein kjellar som stod og venta på oss heime...



fredag 24. juli 2009

Ferie-fortsettelse... Hunderfossen!

Fredagen spanderte vi på Hunderfossen.
Vi var heldige med veret denne dagen, delvis skya og god temp, men utan den steikande sola.

Brukte ikkje tid på å sette bileta i kronologisk rekkjefølgje, håper det blir ein "grei" titt innom likevel..


























Fleire ferie-bilete kjem etterkvart....




tirsdag 21. juli 2009

Ferietid...

Sjølv om det ikkje har vore dei store ferieplanane på oss i år, så har vi no fått lufta oss litt.. (Begrensa kva ein kan finne på med 1-2 vekers ferie...)

Men oppsummeringa av ferien til no, er at sommar og ferietid er noko oppskrytt. Ungane kjem ut av rutinene sine, og blir sure og gretne.. Slik har det i alle fall vore i Familien Otterlei Austnes ;-) Men vi har no prøvd å gjere litt "familie-greier" medan vi har vore på tur, og eg trur nok at ungane kjem til å huske det positive (forhåpentlegvis..), istadenfor små-kranglinga.
Her kjem ei lita oppsummering:

Første stopp var hytta på Lora..

Frå Lora er det ikkje så langt til Dombås. Då er det greitt å ta handlinga der, då kan ein kanskje finne på noko..


Vi hadde 2 overnattingar på Lillehammer Hotell. Kjekt hotell for ungane, basseng både ute og inne, fin park med leikeplass, leikerom, kino etc.
Sidan vi hadde hotell kun for sovinga sin del, fekk vi ikkje brukt hotellet til "feriering", det lyt vi heller ta att seinare :-) Men litt bading måtte vi no prøve - etter kveldsmaten!!
(Når vi ankom Lillehammer frykta vi at opphaldet ville bli amputert.. Vi oppdaga at bremsene var varme, og Bent syntest at dei "hang" oppover bakkane mot hotellet. Dette har vi opplevd før, og fekk då beskjed om at neste gong måtte det til ein større reparasjon... Trine såg då føre seg sjølv med 3 sure ungar, fullt med pikk-pakk, på toget oppover til Åndalsnes!!!
Men heldigvis, ein svipptur innom ein verkstad dagen etter, og bilen vart friskmeld - i alle fall inntil vidare... )


Som kanskje observante lesarar har sett, så har eg (-endeleg..) oppgradert picnik-programmet mitt..
Dette førte til at eg brukte så lang tid (måtte utforske litt!) på å organisere bileta, at tida sprang frå meg..
Fortsettelse følger!!!


Kaoskontroll...

På NRK har det gått eit programm som heiter "Kaoskontroll"...
Om dette programmet tek ein ny sesong, kunne nokon vere så snill å melde oss på...?!?!?!



(Til opplysning, så har andre delar av huset også same tendensen....)

fredag 17. juli 2009

I løøøve milk ;-)

Eit lite livsteikn frå Lone og resten av gjengen :-)

søndag 12. juli 2009

Ny sykkel :-)

Oda har vel forlengst vokse frå sykkelen sin, og ein ny og større har vore påtenkt ei stund..
Pappa Bent har jobba ein del i det siste, men i forrige veke fekk Oda bli med på bytur med lastebil. Og då var det McDonalds og kjøp av sykkel som stod på tapetet (Etter at Pappa Bent hadde fått gjort det han skulle, rett nok..)
Oda er ikkje typisk rosa-jente, så eg var litt overraska då dei kom heim att med ROSA sykkel! Men som Oda sa: -både Andrine og Lone skal arve sykkelen, og det er ikkje sikkert at dei vil like blå...!

Og i kveld var det klart for ein litt lengre prøvetur med nysykkelen. Det vart inn til kyrkja og tilbake, og det er rart kor mykje lettare det er å sykle når hjula har blitt litt større.. Og ho prøvde alle 3 gira!

Her er frå monteringa av sykkelen :-)
Ikkje same kvelden som den vart kjøpt, sjølvsagt.. Det var vel litt overtid som kom i vegen...

fredag 10. juli 2009

Videosnutt...

Ein liten snutt av Tuppen & Lillemor..

Hurra!!

ENDELEG har vi funne ut kva vi skal bruke den ..... vinden til!!
- å flyge drage :-) !! (Er det forresten det det heiter..?)
Ikkje alltid like lett, men skal denne nordavinden fortsette, blir vi ekspertar på "no time".

Hmmm... Regel nummer 1 er då å ikkje rote seg fast i sena... ;-)

Men slik ser det ut dei sekunda vi klarer å halde dragen i lufta!

Familien Milic har ein drage for "vidarekomne"..
Det er vel dette ein kan kalle å "flyge ein drage"


Lone sin siste dag i bhg.

Idag, torsdag, hadde Lone sin siste dag i barnehagen på Longva. Etter ferien er det full plass på Haramsøy Barnehage som ventar, så då er det slutt på latmannslivet for alle mann...
Litt trist å slutte, eigentleg.. Det var godt å kunne starte i barnehage saman med fleire som var like gamle, og Lone har hatt det svært godt medan ho har vore der :-)
Men til hausten er det fleire "småttisar" som skal byrje på Haramsøya, og det skal bli greitt å ha berre ein bhg å forhalde seg til..
"Siste tur med gjengen"
Ser ut som dei kosar seg i fineveret, med mat ute i det fri, og greier... :-)


-"Takk for meg, og god ferie til alle på Longva Barnehage!"

onsdag 8. juli 2009

Fleire Fjørtofts-bilete..

Nedanfor huset "mitt" på Fjørtofta, ligg naustet med ei koseleg og lun strand. Ikkje stor, men akkurat passe til soling, graving i sand, og krabbeleiting :-) Og vil du bade, går sanden såpass langt ut at du får deg ei bra symjerunde! Og det beste av alt, her kan du nyte sommardagen i le for nordavinden...
Lone fann ei lita venninne som også likte seg i sanden.
Oda og Andrine studerer dagens fangst.


Andrine er ei kosejente, som likar seg på fanget..


Og så slitne blir ein av sol og frisk luft (-og kanskje bittelitt rangling..)!!
På veg heim gjekk hurtigbåten via Harøya, akkurat litt for langt til å halde seg vaken..

Ferie-dagar på Fjørtofta

Her kjem ein liten rapport frå nokre koselege dagar på Fjørtofta..
(Bileta er ikkje i rekkjefølgje)

Besøk av ein feriegjest i eit av nabohusa, August. Omtrent akkurat like gamal som Andrine :-)

Akkurat no gler vi oss til at Mormor blir ferdig med gensaren til Oda!
Mammadalten Lone fekk litt avveksling.. Kjekt både for Lone og mamma`n.. ;-)


ØyaCupen som vart arrangert på Fjørtofta var dessverre ikkje berre idyll.. Men for oss som søv om natta, var det berre kjekt :-)


søndag 5. juli 2009

Dagen idag..

Idag har vi vore så heldige å fått vere med å feira Andrea sin 3 års dag.
Her er prinsesse Andrea med Hello Kitty-bamsen sin..

Her er "tuttene" i ferd med å blåse "bursdags-salutt"!

Takk for nokre koselege timar saman med dokke! God mat i godt selskap :-)


Andrine likar også Hello Kitty..
Difor var det stas når mamma kom heim frå byen med ny nattkjole! Den vart innvia i kveld. Så stend det att å sjå om ho søv nokre lenger på morgon-kvisten med Kitty på magen...

(Her var Andrine litt lik mamma'n sin når ho var lita!)

Øya-cup!

Denne helga er det Øya-cup på Fjørtofta.
I 1993 var det også Øya-cup på Fjørtofta. Denne helga vart eg og Bent offisielt eit par..!! Dette er då...hmm... 16 år sidan! :-) Dette har då resultert i eit hus på Austnes og tre flotte jenter.
Og idag, 4. juli, kan vi markere 14 års trulovingsdag. Gratulerer til oss sjølve!

lørdag 4. juli 2009

Gratulerer!

"Tuppen og Lillemor"


Hipp Hurra for Andrea som er 3 år idag!
Vi kjem på besøk og har med pakke :-)
Gratulerer også til begge jentene som har felles namnedag (som var igår, fredag)

fredag 3. juli 2009

-Så ho nesten lettar... !

Andrine er prinsessa her i huset akkurat no...

Det går i rosa, og dokkeleik og utkledning med prinsessekjoler. Dessutan er dans og synging med mikrofon stadig like populært :-) Og ho tek etter storesøstra i eitt og alt...

Her er ein liten snutt der prinsesse/fe Andrine har "flygetrening" på trampolina ;-))

SOMMAR!

Vi har hatt, og tildels har enno -sjølv om skodda besøkjer oss av og til, eit strålandes sommarver!
Dette prøver vi å nyte som best vi kan, med leik ute og besøk i fjøra :-)
Alle i familien har bada i sjøen, unntagen mor sjølv.. Men skal det fortsette slik, må ho nok til pers ho også ;-)





Med varmen som har vore, fekk vi også besøk av eit skikkeleg torever...
Slik såg himmelen ut rett før regnet kom for fullt..
Mot Flem på det øvste biletet, og eit flott lys over Mannen på det nedste.