fredag 31. juli 2009

Olsok på Fjørtofta

Laget som har teke tak i, og held ved like Gamle Otterlei Skule, har dei seinare åra laga rabarbragraut, som bygdefolket kan få kjøpt olsok-dagen. Heldigvis var det utever denne dagen, så vi fekk sitje ute. Vi hadde då "proppa" i oss rips og vaniljesaus rett før vi drog, men grauten måtte vi no smake likevel (-og det var godt!) Elles gjekk det på vafflar til ungane :-)

Kjellaren på Gamle-skulen huser steinamlinga til Petter Dyrkorn. Vi måtte sjølvsagt kike innom der! Viste du at for veeeeldig (veeeldig!) lenge sidan låg Norge der Kina ligg idag?!?
Ole Roger Dyrkorn viste oss litt rundt, slo flint, og Oda vart den stolte eigar av ein diamant-stein... :-)


På veg heim måtte vi ha oss ei lita "runde".. Her er Brunkleggen Lykt sett frå Vågholmane.


Fjørtofta - finaste plassen på jorda! ;-)

Ingen kommentarer: