fredag 17. februar 2012

Årets julebilete 2011

Så var det på tide med årets julebilete..

Etter ca 30 bilete, måtte fotografen gi opp det ultimate jule-portrettet, og heller gi ungane mat.
(Då hadde vi "svelta" ungane eit par timar, såpass dei skulle ete noko anna enn grisemør til julemiddag..)




torsdag 16. februar 2012

JIPPI !


Ej fekk mandelen i år!

onsdag 15. februar 2012

Jula nærmar seg med stormskritt..

Utgangspunktet er at juletreet hos Familien OttAus skal komme i hus kvelden vesle julaftan, slik at det er klar til pynting morgonen på julaftan.

Dette skjer seg kvart år....

Enten er det juletrefot, juletrelys e.l. som finn ut at det ikkje skal feire jul saman med oss. I år var det noko heilt anna. Sjølv alt det Bent spylte treet, vart det liksom aldri heilt "reint"..  Då vi tok til å studere det nærare, kom vi til at det var full i sopp!!

Gjett om mor i hus var frustrert!!
Skulle vi reise på fastlandet å kjøpe nytt (Plasttre vart vurdert..) eller skulle vi bli juletretjuvar i løpet av natta?!

Etter litt rådslagning her og der, kom vi til at treet skulle få stå over natta og tørke litt, og kanskje sjå det an med litt nye auger dagen etter.

Treet vart ståande det, det meste kan skjulast med litt glitter og stas  :-s
(Men den friske granbar-lukta var nok fråverande..)


Treet vart i alle fall pynta julaftan formiddag..
Her i er Oda i gong :-)

 
Andrine stiller opp for fotografen ;-)


Lone var veldig gira på pynting!
(Mor hadde ei runde etterpå og fordelte juletrekulene på litt fleire greiner.. )  ;-)


Så får vi berre innsjå det at juletre-trøbbel er ein av juletradisjonane her i hus.... !
Lurer på kva det blir neste år...

søndag 5. februar 2012

Julemanna!

Rett før jul fann vi ut at kanskje vi skulle lage julemanna...

Det tradisjonelle (om ein kan kalle det for det etter 3-4 år?) pepperkake-toget, vart priorotert vekk i år. Det tok for lang tid :-(
Julemanna derimot, har vi aldri laga..
Oppskrift på tjukke og mjuke julemanna fekk vi frå Lepsøya, og dermed sette vi igong.


Deiga måtte ein bruke litt muskelkraft på, med dei vart både tjukke og gode :-)


Sjølv om dei aldri vart pynta, var det populært, så det spørs om vi ikkje må prøve til att til neste jul :-)

Det nærmar seg jul!


Det nærmar seg jul - med stormskritt - og mor har okkupert kjøkkenbordet med julegåver, julepapir og pakkelapper.

Då er det vel berre å finne brødfjøla då, om ein skal få seg ein matbit...   ;-)

Mor i huset har bursdag... !

Rett før jul har mor i huset bursdag...
Ikkje den aller beste tida for bursdagsfeiring, sånn midt i julestria, men slik vart det no i år lell.

(Brukar som regel å lure seg unna bursdagsfeiringa, med å skulde på julenedvask og julegåve-shopping..)


Hmm.. Bursdagsgåve frå mann & barn var Zumba på Wii!  Var det eit hint, eller.. ?  ;-)


Bjørnar måtte teste ut andre spel på Wii'en også.
(Det var IKKJE Zumba'n!)


Andrine fann seg fort ein fin plass å kvile seg ut på, etter ein lang barnehage-dag.



Oda måtte vise Mormor Og Morfar bilete og film frå julespelet ho var med på  :-)


Tante Lisbeth hadde også funne vegen utover til Austnes :-)