onsdag 15. februar 2012

Jula nærmar seg med stormskritt..

Utgangspunktet er at juletreet hos Familien OttAus skal komme i hus kvelden vesle julaftan, slik at det er klar til pynting morgonen på julaftan.

Dette skjer seg kvart år....

Enten er det juletrefot, juletrelys e.l. som finn ut at det ikkje skal feire jul saman med oss. I år var det noko heilt anna. Sjølv alt det Bent spylte treet, vart det liksom aldri heilt "reint"..  Då vi tok til å studere det nærare, kom vi til at det var full i sopp!!

Gjett om mor i hus var frustrert!!
Skulle vi reise på fastlandet å kjøpe nytt (Plasttre vart vurdert..) eller skulle vi bli juletretjuvar i løpet av natta?!

Etter litt rådslagning her og der, kom vi til at treet skulle få stå over natta og tørke litt, og kanskje sjå det an med litt nye auger dagen etter.

Treet vart ståande det, det meste kan skjulast med litt glitter og stas  :-s
(Men den friske granbar-lukta var nok fråverande..)


Treet vart i alle fall pynta julaftan formiddag..
Her i er Oda i gong :-)

 
Andrine stiller opp for fotografen ;-)


Lone var veldig gira på pynting!
(Mor hadde ei runde etterpå og fordelte juletrekulene på litt fleire greiner.. )  ;-)


Så får vi berre innsjå det at juletre-trøbbel er ein av juletradisjonane her i hus.... !
Lurer på kva det blir neste år...

Ingen kommentarer: