mandag 31. januar 2011

Juhuu!!

Litt aktivitet her igjen, ja...

Sidan planen er å lage blogg-album, må evt lesarar av bloggen forvente litt "etterslep" på bloggen ei tid..

Ha tolmod, har ikkje gitt opp blogginga heilt enno ;-)

...den store kvelden!

Og endeleg så er kvelden her..... 



Etter at maten var eten, og kopper og kar rydda vekk, måtte fotografen drøye ventetida endå litt til med dei obligatoriske julebileta...  Ikkje å vente då at ikkje alle (les: absolutt alle) bileta hadde ei eller anna tøyse-mine..


Men endeleg kunne showet starte!
Og eg trur at alle var godt nøgde med det dei hadde fått julekvelden :-)
Her er eit lite utvalg av dei mest populære..
Tusen takk til alle som er så snille med barna våre!!



Tusen takk til Farmor, Tante Liv og Onkel Nils som ville feire delar av julekvelden saman med oss :-)

mandag 3. januar 2011

Mens vi venter..

ENDELEG er dagen her...!!


 Det første vi gjer er å pynte juletreet, iført pysj og sove-sveis  (Av naturlege årsaker er det ikkje bilete av mor i denne seansen...)


 Sjefspynteren (les: Trine) har bestemt at det skal gå i fargane raudt og gull, men elles så får ungane bestemme ganske mykje ;-)
Det må vel kanskje seiast at i usette augneblink, har sjefspynteren flytta litt julepynt, då frå nedre del av juletreet, til litt lengre opp...


 Store-jenta mi :-)


Og så må vi få med oss litt av alt det gøye på tv'n!
Her er jentene under det som er mest populært hos oss, nemleg Disney-timen.

Dagen før dagen..


Hos familien Otterlei Austnes kjem ikkje juletreet inn i stua før kvelden før kvelden.
Som regel brukar Bent å slåss med juletrefoten ein gong etter midnatt, men i år ville Oda bli med på å få det inn. Så då måtte vi vere litt tidlegare ute enn "vanleg"...


Og i år var det lite "baksing" med treet. Det var på plass på en-to-tre!
Kan det vere fordi vi var så godt hjelpa ?  ;-)

Førjulsbesøk og julesnø

Når ein jobbar i skuleverket, er ein så heldig å kunne få eit par ekstra fridagar før jul (Og ja- det heiter AVSPASSERING!) Dette kom godt med, då julesnøen bestemte seg for å komme rett før jul..


 Sjølv om vi er så heldige å ha ein snill nabo som ofte brøyter for oss, vart det ein del måking denne dagen likevel.


 Oda hadde besøk denne dagen, og det såg ikkje ut som om dei hadde noko imot all snøen som lava ned ;-)


I løpet av kveld/natt til den 22. desember trur eg det må ha lagt ned snart 40 cm med snø!
Og all denne snøen fann ut at den skulle ligge til langt ut i romjula - PERFEKT!!

søndag 2. januar 2011

Lurejenter ;-)


 Rett før jul var Lone heime med feber eit par dagar, og ein av dagane fekk også Andrine ein "fridag". Då såg mor i huset ein sjanse til å ligge litt frampå, medan jentene såg barne-tv...

Men kom til at det var på tide å stå opp, når ein høyrde dei tok til å rote i kjøkkenskuffene....

Fare på ferde?
Nei, eigentleg ikkje....
Dei hadde berre funne 5 sjokolader, og det gjekk dårleg opp med 2...  Difor hadde storesøster Andrine teke ansvar, og funne fram ein kniv, slik at det skulle gå rett føre seg ;-)

(Hadde heldigvis ikkje brukt den kvassaste kniven i skuffa!)

Fjørtoftshelg

3. helga i advent var Nyhammer vertar for årets Førjulsprøvesmakefest.
Då kom vi til at det var greitt at ungane kunne ligge ein annan stad denne kvelden... Heldigvis kunne Morfar og Mormor vere barnevakt denne helga :-)


Og så er ungane så heldige at dei har "avlastning-barnevakt" ute hos Tante Randi også....  ;-)
Så på laurdag var dei der ute og fekk måle julemannar. Sjekk dei stilige forklea, då!


Og på søndag var dei ute på tur i fleire timar. Flotte bilete, ikkje sant? Det er Tante Randi som er super-fotograf :-) Trur dei hadde det like kjekt alle 4...


Og her er Morfar-barnevakten...Hihi...  (Veit ikkje om Oda har avklart om dette biletet skal leggjast ut på blogg ;-)


Bilete frå Førjulsprøvesmakefesten ligg fortsatt på dataen, og der trur eg dei skal få ligge..  ;-))
Bent får vere den som representerer kvelden med sin konkurranse, "Bents mobil-quiz"

Førjulstid

No er faktisk jula over, og vi er på veg inn i 2011..
Då er det vel på tide med ei lita oppsummering :-)

Sidan både jula, og ikkje minst førjulstida, har vore litt hektisk, måtte eg inn på data'en for å få bekrefta kva vi har gjort på desse vekene. Heldigvis, sjølv om dagane fyk, er ikkje kameraet langt unna!

Har også teke ein liten "oppvask" for meg sjølv denne jula.. Synest at det blir for mykje kav og styr i kvardagen, at jula og kosen rundt, heilt blir vekke.. Har blitt fortalt at eg må senke krava, men kva blir att når eg må senke krava litt for kvart år?!? Kan no ikkje kutte ut alt heller - kvar blir førjulskosen av då!!

Neida, ikkje har eg baka, og ikkje har eg vaska.. Ikkje har eg lese julehistorier for ungane, eller klart å fått med meg Jul på Månetoppen (flott anledning til å få seg ein liten høneblund..) Ikkje har eg sett meg ned for å høyre på julemusikk og drikke gløgg, eller skrive julebrev/personleg julehelsing på dei ferdigtrykte julekorta...

No kan vel kanskje nokon seie at dette er berre tull, at ein ikkje treng å ha gjennomført alt dette. Men for meg er dette litt av det å komme i stemning, skape forventning.. Og ikkje minst, eg ynskjer å skape ei førjulsstemning for ungane!

Og kva når ein dødssliten er nokonlunde klar med pinnekjøt og juleduk, og så fortsetter romjula i same leia..

Spørs om ikkje eg blir å finne i litt varmare strøk, om litt under eit år....



MEN over til oppsummeringa mi..
Har heldigvis funne ut at noko har blitt gjort lell, sjølv om eg ikkje kan skryte på meg at familieidyllen har vore på topp heile tida  ;-)



Vi har baka pepperkaker - av kjøpedeig! Den første deiga vart ikkje godkjend av Oda, så vi måtte prøve ein gong til.. Ikkje særleg god den heller.. Men vi har kjevla og trykt, og pynta med melis og non-stop.
Tilslutt vart også pepperkaketoget vårt ferdig! Sjefs-ingeniøren snubla litt i talet på delar iår, så det vart berre med to vogner.. (Skal vere tre: lokomotivet er mitt og Bent sitt, og så har ungane kvar si vogn.. Iår fekk Oda vere lokomotiv..) Vi får også ta med at toget vart sett saman og pynta i romjula..


Og så fekk vi plass til nokre sjukedagar også såklart...
Lone klarte å kaste opp på det eine stue-teppet vårt, og vi har enno ikkje hatt tid til å rense det ferdig..
Er det ikkje salg i januar, tru?


Kvart år har ungane laga julepynt som vi merkar med namn og årstal. I år vart det vintage-hjerter frå Panduro. Sjølv om vi måtte ta det att i to omgonger, var dei greie å lage, og resultatet vart kjempeflott!


Trudde at vi skulle få tid til å lage julekort som vi kunne sende til dei næraste i familien, men det slo eg fort frå meg. Men Oda og Andrine fekk no i alle fall prøvd seg litt, og laga nokre kort som dei sende med julegåvene til venninnene sine :-)


Lille-julaftan tok vi fatt i konglene som jentene plukka på Fjørtofta saman med Tante Randi. Dei låg eit par veker til tørk på varmekablane på gangen, og litt framfor omnen på stua.. Til slutt fekk dei rette forma :-)


Då var det fram med glitterpenn og finmotorikk! Heldigvis kom Tante Liv opp og lånte oss eit par hender. Dette likte alle jentene, og no ligg dei flott i ein glasvase som julepynt (Har dessverre gløymt å ta bilete av det ferdige produktet- kjempefine, kan anbefalast!)


Fortsettelse følger...  :-)