mandag 28. mars 2011

Ny utforming av bloggen...?

Arbeider med saken....

Det blir ikkje denne varianten, i alle fall  :-)

Hmmm..

Ser at lay-out'en min ikkje er heilt oppdatert for tida...

Kalenderen viser snart april, og eg burde vel eigentleg sett til å fått skifta ut både bilete og anna.
Men så ser eg ut, og der er det fortsatt snø og akeføre!


Hmmmm....

Flott tur til Haram

Har hatt nokre bilete frå ein flott tur til Haram og Stavneset, liggjande...
Sjølvv om turen var den 27. februar, synest eg at dei var for fine til at dei berre skulle liggje på data'en  ;-)



Så her kjem dei!




 Veret var eit flott turver, sjølv om det bles meir på Harams-sida enn det vi trudde. Og når sola kom fram, kunne vi kjenne at ho varma...  Snart vår!


Vi heldt oss lite til råsa, men gjekk litt hit og dit, klatra på steiner, og rusla i fjøra.. Det vart nok mange steg for småe føter den dagen  ;-)


Og så måtte vi sjølvsagt sette oss ned og studere bårene ( - og ete litt kjeks..)


Fekk nokre båre-bilete eg må prøve å arbeide litt meir med..
Spennande å ta bilete av båra!


Litt skryt må familien min få, som tolmodig er med meg på tur, der eg heile tida knipser og maser, og av og til går mine eigne vegar...  Smiler til meg også, gjer dei ;-)


Eg og Oda rusla dei siste metrane bort til Stavneset for å skrive oss i boka, medan resten av gjengen tok den siste kjeks-pausa. Utruleg kor langt ein kan gå på eit par pakkar kjeks, altså!


Sjekk det nydlege bilete av Lone som nyt vår-sola..
Snart vår!!

mandag 21. mars 2011

Meir frå februar 2011

Eit av høgdepunkta i løpet av februar månad, var nok konserten skulen hadde saman med korpset.


 Det var cowboy-tema, og Oda gledde seg seg stort til  'den store dagen'.
Både elevane og korpset var utruleg dyktige, og vi hadde ein super ettermiddag! JA til fleire slike samarbeid!
 Er imponert over alle dei eldsjelene som stiller opp slik at ungane våre får ta del i slikt som dette :-)

Kjekt var det at også Tante Liv var med oss på konsert, trur ho var imponert ho også ;-)


                

Måtte ta med nokre bonusbilete av sjarmør-cowboyen vår også...

Litt frå Februar 2011

Februar kom med både vinter og ein ørliten smak av vår...

 Ein laurdag papsen hadde fri, og det var noko som kunne minne om vår, var det å ringe til Onkel Nils med spørsmål om han ville lufte båten ein tur  (Noko han sjølvsagt ville ;-)
Mamsen og Andrine heldt seg heime, sidan Andrine hadde litt feber og ikkje var i form :-(

 Lone studerer fangsten....
  Ikkje så veldig imponerande, men det er vel ikkje alltid det som tel :-)

(Kvifor ville ikkje biletet snu seg rette vegen då, tru..?)

 Nokon storfangst vart det nok ikkje, men alle var samde i at det hadde vore ein kjekk tur!




Det har vore lite tid til å ta portrett av ungane den siste tida..
Hektiske dagar (har eg klaga over det tidlegare, tru..) og eit kamera som eg enno ikkje har fått tid til å lære å bruke, får ta skulda.


Enden på visa var at eg tok med "gamle-kameraet" ut ein ettermiddag...
Men då skulle sjølvsagt ikkje ungane stå verken i ro eller smile på kommando!!
Flotte er dei uansett, då...  ;-)




Den 20 februar var det Open Dag i den flotte hallen vi har fått her ute, og vi måtte sjølvsagt opp for å sjå.
Biletet viser ikkje kor flott hallen har blitt, det overlet eg til meir profesjonelle fotografer..
 (Grmf.. Aner litt frustrasjon her? Fotokurs neste!!)
Biletet stadfester derimot at vi var tilstades...



Februar kom også med ei ny kuldeperiode.
Heldigvis kan ein vel seie...  Oda fekk seg skeiser til den første kuldeperioden FØR jul, men dei "treige" foreldra hennar kom seg ikkje ut før det nesten var forseint, slik at ho fekk den nødvendige back-up'en.
Oda er av den forsiktige typen, og to skøyte-dagar med skulen til tross, var det kjekkast å prøve for første gong med pappa som motivator :-)


Og resultatet?
Oda gjekk på skeiser som berre det, utan eit einaste fall!!!