mandag 21. mars 2011

Litt frå Februar 2011

Februar kom med både vinter og ein ørliten smak av vår...

 Ein laurdag papsen hadde fri, og det var noko som kunne minne om vår, var det å ringe til Onkel Nils med spørsmål om han ville lufte båten ein tur  (Noko han sjølvsagt ville ;-)
Mamsen og Andrine heldt seg heime, sidan Andrine hadde litt feber og ikkje var i form :-(

 Lone studerer fangsten....
  Ikkje så veldig imponerande, men det er vel ikkje alltid det som tel :-)

(Kvifor ville ikkje biletet snu seg rette vegen då, tru..?)

 Nokon storfangst vart det nok ikkje, men alle var samde i at det hadde vore ein kjekk tur!




Det har vore lite tid til å ta portrett av ungane den siste tida..
Hektiske dagar (har eg klaga over det tidlegare, tru..) og eit kamera som eg enno ikkje har fått tid til å lære å bruke, får ta skulda.


Enden på visa var at eg tok med "gamle-kameraet" ut ein ettermiddag...
Men då skulle sjølvsagt ikkje ungane stå verken i ro eller smile på kommando!!
Flotte er dei uansett, då...  ;-)




Den 20 februar var det Open Dag i den flotte hallen vi har fått her ute, og vi måtte sjølvsagt opp for å sjå.
Biletet viser ikkje kor flott hallen har blitt, det overlet eg til meir profesjonelle fotografer..
 (Grmf.. Aner litt frustrasjon her? Fotokurs neste!!)
Biletet stadfester derimot at vi var tilstades...



Februar kom også med ei ny kuldeperiode.
Heldigvis kan ein vel seie...  Oda fekk seg skeiser til den første kuldeperioden FØR jul, men dei "treige" foreldra hennar kom seg ikkje ut før det nesten var forseint, slik at ho fekk den nødvendige back-up'en.
Oda er av den forsiktige typen, og to skøyte-dagar med skulen til tross, var det kjekkast å prøve for første gong med pappa som motivator :-)


Og resultatet?
Oda gjekk på skeiser som berre det, utan eit einaste fall!!!

1 kommentar:

Stine sa...

Så flotte bilder av jentene midt oppi her da! Supert. Akkurat no savner eg kulde-perioden. Bedre enn stiv kuling og regn. Kjekt når ungane fekk gå på skøyter og kose seg ute. Flott oppdatering fra februar!