mandag 30. mars 2009

Helga vår!

Hos Familien Otterlei Austnes har det vore ei roleg helg. Veret laurdag frista ikkje til uteliv, så då vart det inneleik (+ eit besøk hos Farmor for å henge opp gardiner :-) Jentene leika fint saman omtrent heile dagen, ingen store "samanstøyt"! Her i huset er det ABBA som fortsatt ruuuler, så den cd'en hadde seg nokre turar på stereoen... Og Lone heng seg på og tek etter det storesøstrene gjer.. Berre sjekk snutten lengre nede.... ;-)


Søndag var det heldigvis fint ver, så då vart Bent og største-jentene sendt bort på skuleplassen for lufting. Der var også fleire som ville kose seg i fineveret. Nedanfor er det kjekspause på skuletrappa:-)
Når dei kom heim att, hadde dei følgje med Malin og Hannah. Då vart det endå meir ABBA på stereoen!! Ovanfor ser vi to fjonge syngedamer :-) Stilen kan ein no i alle fall ikkje klage på!





Tittel: "eit produkt av sine søstre..."

Oppdatering frå veka som var...

Det blir litt rykk-og-napp-oppdatering på bloggen no for tida, synest det er full rulle heile tida :-) Dessutan har dei vaksne i familien sovna på sofaen omtrent kvar einaste kveld... Det har vore nok ei veke med ein del tankar svirrande i hovudet, og det trur eg rett og slett ein blir litt sliten av...

Men her er i alle fall bitar frå veka som var:

Måndag hadde vi besøk av ei "prima ballerina", ei prinsesse og ein yndig fe! Kjekt når Andrine får bli med store-jentene i leiken :-)

Tirsdag var dagen for mange tankar igjen, både gode og triste....
Men på kvelden var det førebuing av Kunstkafe på Flem SFO. Her ser dokke den fabelaktige gjengen som eg er så heldig å få jobbe saman med :-)
Går dokke inn på heimesida til Flem Skule, kan dokke lese meir om Kunstkafeen.
Onsdag rakk eg både kakebaking og ein rask trilletur saman med Barselgruppa før vi (eg, Oda og Lone) køyrde bort på Longva for å prøve å hjelpe til på Kunstkafeen.
Pappa Bent og Andrine var på avslutning på Barnetrimmen. No går det mot lysare tider og forhåpentlegvis meir uteaktivitet ;-)


Torsdag var det vel ikkje noko spesielt som hende.. Måtte berre ha med eit bilete av stilen til Lone! Ho har for tida ein tendens til å finne noko å sitje PÅ.... Det er alt frå bøker, øskjer og til gåvogna. Torsdag skulle ho opp i legokassa.... (Ho klarte det!!!)



Fredag var også ein dag der vi var både her og der... Eg og Lone på Longva, Oda og Bent på fotballtrening, besøk hos Farmor bl.anna....
Men fredag var også dagen då det var 1 mnd sidan eg innstallerte teljar på bloggen min. Og når fredagen gjekk over til laurdag, hadde det vore 1184 besøkande!!!!! Det hadde eg ikkje venta!
Så det er nok fleire enn mamma og pappa som er innom her, ja ;-) (-og det er kjempekjekt!)
Fortsett med å besøke bloggen, og legg gjerne att ein kommentar :-)



fredag 27. mars 2009

Vi prøver igjen...

Prøvde for ei stund sidan å legge inn ein videosnutt, utan det store hellet.. Fekk tips frå Siv om å korte ned litt på snutten, så no prøver vi igjen...

Men dette ser lovandes ut! No er det berre å trykke på play og håpe på det beste ;-)

Det dokke ser er Lone som et skive med jordbærsylte, litt klissete sådan... Og sjekk den elegante måten ho kvittar seg med skorpene på...!

mandag 23. mars 2009

Hos frisøren!

På fredag måtte "lokkane" til Lone til pers....
Dei to eldste har fått behalde baby-håret sitt vel og lenge. Og når eg har sett på bilete i ettertid, har eg angra på det... Så når dei lengste tustane tok til krype langt ned i panna på Lone, var det nok....!
Var svært imponert over frisør Linda som faktisk fekk til å klippe litt sveis på eit hovud som virra både fram og tilbake. Og ikkje var Lone redd heller :-)
Og resultatet vart ei fin Lone, som nesten "vaks" eit par mnd med ny sveis!

Biletet er teke med mobilen, difor ikkje heilt topp kvalitet...

fredag 20. mars 2009

......................

Idag er eg lyn forbanna! .... og så uendeleg trist....

onsdag 18. mars 2009

På'an igjen....

Forrige helg og starten på forrige veke, var det sjukdom i huset. Lone og Andrine hadde kvar sin tørn, sjøvsagt ikkje samtidig..
Laurdagen som var, fekk Andrine feber igjen! Akk,ja...

Og i løpet av søndagen var vi to som låg på sofaen med feber...

På tirsdag var helsetilstanden langt betre, men som Andrine sa etter ei lita runde på golvet: -Mamma, du gløymde å bere meg.... Ikkje heilt i toppform, altså :-)
I skrivandes stund er vi oppe og "spring" alle mann, men ventar spent på om det er fleire som blir feberheite dei kommande dagane..

Farmor sitt nye kjøkken!

Laurdag var Farmor, Tante Liv og Tante Berit heime for å sjekke korleis det går med ny-kjøkkenet, og starte med å rydde inn att i skuffer og skåp. Farmor og Lone var heldige og fekk sitje å sjå på vaskedamene.. ;-)


Tante Liv var så "heldig" at ho hadde to gode hjelparar....



Og kjøkkenet blir rett flott! No er det berre siste finishen som står att før Farmor kan ta i bruk kjøkkenet sitt igjen. Og det gler vi oss til!!! :-)

tirsdag 17. mars 2009

Gratulerer med dagen!

Eg er så heldig å ha tre kjekke faddergutar, eller det vil seie, dei er myndige alle mann, og slett ikkje noko gutar lenger... Er dei ikkje flotte?! :-)

Idag vil eg sende ein bursdagsklem til Vegard, den flotte mannen i midten, og gratulere med 21 års dagen. God tur til Bergen!

mandag 16. mars 2009

Eit lys

Idag tenner eg eit lys for alt det meiningslause som skjer rundt oss, og dei som blir berørt av det.
Eg tenner eg eit lys for dei som så brått og brutalt fekk det meiningslause så tett innpå seg.
Idag tenner eg eit lys til minne og i håp om betre dagar....

fredag 13. mars 2009

Arbeidsøkt!

Sidan arbeidslaurdagen til Bent gjekk med til sjukepass, måtte vi rigge oss til ein liten dugnad på kveldstid. Og då dette må gjerast etter leggetid for ungane, vart det sein kveld før vi vart ferdige..
Men no er det i alle fall gjort!!

Det som har stått for tur i kjellaren no, er å ha avretningsmasse over grovplata på det eine rommet. Trine fekk oppgåva med å vasse i massen, og jamne utover.... Grei jobb det! Verre var det med Bent...

- han var den som blanda massen og bar den utover!Det vart nokre kilo den kvelden...
Så no er det isolering og parkett på golvet, og litt lister oppe og nede, og foringer på vindauga...., og litt anna småtjavs...., så er vi klare for neste rom...

onsdag 11. mars 2009

ENDELEG!!!!!

Endeleg har det skjedd! -Det vi har venta på skulle skje i over eit halvt år!!
Den berømte tanna til Oda fann ut at den skulle gjere sin siste innsats under middagen idag. Og dette er den tanna som vi satsa på skulle henge til over brullaupet, slik at det ikkje vart alldeles tomt i munnen på diverse bilder..
Og fast har den vore, sjølv om halve "rota" i det siste har vore synleg. Så fast sat den, at eg måtte gjere eit rykk for å få den ut! Og det blødde!! Oda som til vanleg er ganske panisk ndg tennene sine, skreik og spytta blod...
Så no håper vi at tannfeen gjer eit besøk i natt, med belønning for alt "styret".. (Og i natt skal tanna få ligge på badet.. Laurdag gløymde tannfeen heile greia, eller som unnskyldninga var, låst dør slik at den ikkje kom seg inn... ;-)


Litt tomt i munnen for tida, men ser ein etter, er nytanna allereie godt synleg. Og jenta er godt nøgd :-)

Spise selv....

Her i huset har vi 3 bestemte jenter (4 då, inkludert meg sjølv..), som gjerne skal "klare sjølv". Og under middagen idag vart ikkje dei to yngste heilt fornøgd før dei hadde fått ordna ut sjølve.. Oda fekk seg ei ufrivilleg middagspause, då den berømte tanna fann ut at no var det nok... ;-)

Lone vart så glad og ivrig over å få styre skeia sjølv, at ho "jobba" med heile seg! :-)

Andrine var litt meir kontrollert, flink var ho og! Det høyrer med til historia at ho skreik heilt til ho fann ut at ho kunne ause på mat sjølv, og sjølv få styre kniv og gaffel...
Så snart får eg og pappaen i huset lov til å ete medan maten er varm, og ikkje etter at ungeflokken er gode og mette ;-) (Liksom, ja..)

Meir sjuke.....

Har ikkje prøvd video-funksjonen verken på kameraet eller på bloggen, men prøver no... Skal det gå sååååå lang tid å laste opp!??!!

Skulle blogge ein liten snutt av Lone og Andrine frå desse dagane vi har vore heime og inne (-i fineveret...), men gav opp til slutt.

Elles så er Andrine erklært frisk igjen, og klar til bhg imorgon :-)

mandag 9. mars 2009

Det er VÅR!!!!!!


Sjølv om det kan vere litt surt innimellom, har vi nokre flotte dagar her på Sunnmøre akkurat no. Og lat det berre vare!


Her er mitt flotte trekløver på søndagstur, med solbriller så klart ;-)
Lone hadde nok litt feber på søndag også, men når ein ikkje vil sove inne på dagtid, må vi ut i vogn...

Action i ballbingen.. Som sagt, no er det vår - og lat det berre vare!!!!!

søndag 8. mars 2009

Teater-tur!

Laurdag var vi i Brattvågen på ID-huset på Pippi-forestilling. Det var kjempekjekt!
Eigentleg skulle vi reise alle jentene, slik at Bent skulle få jobbe i kjellaren. Men Lone fekk feber fredags ettermiddag, og kasta opp laurdag før vi reiste, så då fekk ho vere heime saman med pappa :-( Men vi andre jentene rakk både eit besøk hos Farmor og Tante Berit, og Tante Lisbeth, før vi susa ned på teater (Rakk å kjøpe bursdagpresang også!)

Sjølve forestillinga var veldig bra, både eg og jentene kosa oss! Andrine synest det nok var litt skummelt til tider, med mørk sal og høg lyd. Så ho sat på fanget mitt.... Men etter knisinga til Oda å bedømme, så synest ho at det var heilt topp :-)

Sjølve stykket var spelt av 4 skodespelarar som bytta på rollene, imponerande!


Men Pippi var Pippi heile tida, og ho var kjempeflink!

Litt artig er det at vi har ein teiknefilm som har omtrent same innhaldet som teaterstykket. Så slik sett var nok stykket kjent for jentene. Kanskje greitt for 2-åringen vår, det...

Og jammen rakk vi ikkje å handle litt godteri også før vi drog heim! Er vi på tur så er vi på tur :-)
Dette biletet er teke rett før Oda miste ei tann... Og den den tanna ho miste, var ikkje den som i fleire mnd har stått på halv 8 fremst i munnen, og som ser heller skummel ut... Neida, det var nabotanna!!!!!!!





Utfordring!

Er ikkje alltid like flink på utfordringer, men denne frå Anette såg grei ut.
Så då prøver vi.... :

«Regler: Det er vanskeligere enn det ser ut! Kopier til ditt eget notat, slett mine svar og legg til dine. Bruk den første bokstaven i navnet ditt når du svarer på alle spørsmålene. Gi ordentlige svar? ikke dikte! Hvis personen før deg har samme bokstav, så må du gi et annet svar. Du kan ikke bruke samme ordet to ganger."

1 Hva er navnet ditt: Trine
2 Ord på fire bokstaver: Tull
3 Guttenavn: Truls
4 Jentenavn: Trude
5 Et yrke: Truckfører (!)
6 Farge: Turkis
7 Noe du har på deg: Truse
8 Mat: Tomatsuppe
9 Noe på badet: Toalettpapir
10 Et sted: Trondheim
11 Grunn til å komme for seint: Tøysete ungar som ikkje klarer å høyre etter....
12 Noe du roper: Tei still!! (Upps...)
13 Film tittel: Titanic
14 Noe du kan drikke: Tranebærsaft (-sunt å dikke, men ikkje godt!)
15 En musikkgruppe: TNT (Var ung på 80-talet)
16 Et dyr: Tiger
17 Gatenavn: Tusenfrydveien
18 Bilmerke: Toyota
19 Sang tittel: Ti tusen tommeltotta....
20 Et verb: Tøyse

Litt tankearbeid vart det no, men trur det gjekk bra ;-)

torsdag 5. mars 2009

Bø... Tittitt!!!

Lone har mykje "føre seg" for tida, og likar godt tøys og tull. Noko som stadig er ein slager, er bø-tittitt.... Er der noko å gøyme seg bak, får ho lure-blikket sitt ;-)

Noko anna ho er flink til, er å lure seg under bordet etter at vi har ete - alltid noko spennande å finne der.. (Rart at maten er meir spennande når den ligg på golvet enn når den ligg oppå bordet ;-) Vi treng ingen "swiffer" eller mopp her i hus - vi har Lone!

Her har Lone funne seg eit flatbrød... Bø!

Tittit!!!

Luremusa vår.... :-)


onsdag 4. mars 2009

Avslutning av ferien :-)


Sidan det søndag var slutt på ferie, og å gå i pysj til langt ut på dagen, måtte vi kose oss litt ekstra :-) Då vart det laging av muffins, der den største stasen er å slikke bollen etterpå! ;-)

... fortsettelse...

Det går litt fort i svingane av og til, og plutseleg har ein trykt på tastar ein ikkje skulle ha gjort... Litt tull med rekkjefølgja på bilete i forrige innlegg.. Det får stå slik, klokka er mange og eg vil gjerne finne senga..
Uansett - Takk til Karen og Guttorm + gutta boys for ei koseleg overnatting! :-)

Besøk hos familien Tomren




I samband med brullaupet vårt, vart det plukka ut ein "gjeng" som kvar mnd skulle markere brullaupsdagen vår på ein eller annan måte. I februar var det Guttorm (Bent sin forlovar), som skulle markere dagen med middag. Og dette gjorde han ved å be heile Familien Otterlei Austnes til middag med overnatting heime hos seg! Er ikkje redd for storinnrykk desse, nei :-)


Til middag fekk vi nydeleg kylling med heimelaga potetstappe (-ingen smaklaus Toro, der nei..), god saus og god drikke. Og til dessert/kvelds fekk vi Guttorms heimelaga karamellpudding, og ungane stappa i seg is og mykje anna snacks.. Eit realt herremåltid!


Lone er mett og god, og har innteke sin kjente stil - føtene på bordet!



Ungane syntest det var stas å "ligge over". Og Karen les til gutane når dei legg seg...


(Trine fekk eit tilbakeslag av dårleg samvittigheit.. Vi starta i haust på Den Store Boken Om Knerten, men har hatt ein laaang vinterferie. Denne veka har vi då starta opp att med lesing på sengekanten.. Takk til Karen!)



Huset til Familien Tomren ligg flott til, med super utsikt og beliggenheit. Mellom huset og fjøresteinane har dei eit lite friområde, her er det Hans som kjem susande... !





Eit kort stykke frå huset har dei tilgang til ei lita strand, som sikkert er kjekk og ha ein varm sommardag. Hans testar ut kor støvlekanten går, medan Andrine ser på.






søndag 1. mars 2009

Besøk :-)


Torsdag hadde vi besøk av Malin, og ein av aktivitetane då var fargelegging. Då brukte vi den internett-sida som fargeleggingsarka frå Tide var henta frå. Veldig grei side, og deler den gjerne med andre som har barn i familien. Sørg berre for å ha nok ark i skrivaren!! :-)
http://www.coloring-book.info

Fjørtoftstur!

Onsdagen i vinterferien reiste vi ein tur på Fjørtofta. No er vi så heldige at vi kan få tatt oss ein dagstur med Hurtigbåten den rette vegen også (dvs nordover... ;-) Hipp hurra for Tide!

Her har Andrine fått Emil ei lita stund heilt for seg sjølv. Det er stas...

Andrine og Morfar kosar seg med bolle :-)

Andrine var i ABBA-mood denne dagen, og her lærer ho Morfar nokre "triks". Rart alt ein lærer med storesøstre i hus :-)

Lone har akkurat vakna, og treng ei stille stund på fanget til Mormor...

På veg heim måtte vi innom Harøya, og då fekk vi utlevert teiknesaker av ein hyggeleg matros! Tide har så sanneleg gjort eit godt inntrykk hos meg. Fortsett med det... !