onsdag 11. mars 2009

ENDELEG!!!!!

Endeleg har det skjedd! -Det vi har venta på skulle skje i over eit halvt år!!
Den berømte tanna til Oda fann ut at den skulle gjere sin siste innsats under middagen idag. Og dette er den tanna som vi satsa på skulle henge til over brullaupet, slik at det ikkje vart alldeles tomt i munnen på diverse bilder..
Og fast har den vore, sjølv om halve "rota" i det siste har vore synleg. Så fast sat den, at eg måtte gjere eit rykk for å få den ut! Og det blødde!! Oda som til vanleg er ganske panisk ndg tennene sine, skreik og spytta blod...
Så no håper vi at tannfeen gjer eit besøk i natt, med belønning for alt "styret".. (Og i natt skal tanna få ligge på badet.. Laurdag gløymde tannfeen heile greia, eller som unnskyldninga var, låst dør slik at den ikkje kom seg inn... ;-)


Litt tomt i munnen for tida, men ser ein etter, er nytanna allereie godt synleg. Og jenta er godt nøgd :-)

4 kommentarer:

Randi sa...

Heia Oda!!

YES YES YES!!! ENDLEG REISTE DEN TANNA,GODT MEN SEINT:-)))
Ja å tenk for ei STOR fin ei som kjem opp igjen da:-))
Ja jammen ta,eg håper tannfeen legg igjen si siste krone til deg for den tanna Oda,det fortjener du!!! Tante håper at du kjem snart på besøk;))
God klem til deg Oda frå tante R & co!!

Siv sa...

Gratulerer, Oda! Håper tannfeen ikkje traff låst badedør i natt da;)

Stine sa...

Supert da! Tek si tid å miste tenner - har erfart det her i huset også.

Elisabeth F sa...

Kan helse herifrå og seie at tannfeen finn tenner som ligg i magen også. Det kjem pengar i glaset likevel.
:-)