mandag 23. november 2009

Gratulerer!

Dagens gratulasjon går til storesøster Lisbeth, som jubilerer idag!


Dagen blir nok feira blant demonterte kjøkkenskap og anna "rot" ;-)
Vi satser på å ta att feiringa når nytt, flott kjøkken er på plass!
Klem frå alle på Haramsøya

søndag 22. november 2009

Jippi - TRAN!!!!

video

mandag 16. november 2009

Litt meir helg..

Måtte berre ha med litt av den nydelege himmelen som var søndags ettermiddag...


Og så har vi i løpet av helga fått grisemøren i fryseren, og tørrmøren heng til tørk på loftet..
Eit steg nærmare jul i Familien Otterlei Austnes, dog eit lite eitt....

Helga vår!

Så var nok ei helg tilbakelagt, og vi har akkurat teke til å sjå fram til den neste.. ;-)
Denne helga har nok vore sterkt prega av Taremareby, men litt anna har det no vore plass til.
Også denne helga har vi hatt sjukdom i heimen (-fortel oss noko nytt, då..!!!!!). Lone starta natt til fredag med falsk krupp, og fortsatte med feber og oppkast. Ser ut til at vi startar ny arbeidsveke med sjukedagar - igjen..
Vi må også takke Guttorm og Karen og gutane for besøket på laurdag. Kjekt med uventa besøk, gjer det gjerne igjen :-)

Men først og fremst har det kome nytt TV i hus denne helga! Etter ei veke med kun grøn-tonar på tv-skjermen, vart Bent og Andrine sendt ein snartur i Brattvågen.. (Jepp, vi støttar handelsstanden der inne! ;-)) Så no står ein 40 " på stua og gliser!!
Biletet under viser korleis det er greitt å avslutte ein fredags-kveld :-)


Fredag tok eg og Dada med oss jentene på Taremareby-forestilling i Brattvågen. Oda hadde sett den tidlegare med klassen sin, så det var berre "Tuppen og Lillemor" som var med.
Dette var ei utruleg flott forestilling som eg håpar fleire hadde vett til å få med seg!! Sjølv om Andrine måtte på fanget når Krabbe Krølle kom på scena, kosa vi oss frå start til slutt! :-)

Måtte også få med oss utstillinga i samband med Taremareby på ID-huset!
Eit av bidraga som utmerkte seg, var nok slottet laga av Haramsøy Bhg! Og etter nøye forklaring av Oda og litt leiting frå mor, fann vi fisken som Oda hadde i "fiskestimen"..



Søndag tok vi turen heim til Fjørtofta for å gå på Taremare-kafe på Gamle Otterlei Skule.
Der åt vi nydeleg fiskesuppe, høyrde om Ingebrikt Davik, og sang songane hans. -Ei tilstelning heilt i pappa si ånd, meinte ei av døtrene som var tilstades.


mandag 9. november 2009

Hvem der...??

Denne helga har vore rimeleg roleg hos Familien Otterlei Austnes..
Oda har hatt ei periode med magesmerter igjen, og Andrine har vi haldt for det meste inne, pga lei hoste.
Dessutan går det ikkje å dra på langtur når Aafk skal vinne Cup-finalen!!!! Då får finever vere finever...



Men dette måtte eg berre "blogge"...
Rett før helga låg denne kopien i postkassa vår, eit utklipp frå HN, datert 22. desember 1987.
I tillegg til eit lekkert bilete av meg, med lett tupert og bleika hår, var der gratulasjonshelsingar til to av mine tantebarn, Anette og Torstein. (Også Ola Einar er desemberbarn, ser eg... ;-)
Skal tru kven som har vore i postkassa mi... ?
Har nokon eit tips til meg?

Flink storesøster!

"Søstrene Sisters" har endeleg teke til å oppdage at det går an å vere saman utan å krangle...
Sjølv om lydnivået til tider kan bli ganske så høgt, har dei også sine rolege stunder. Og dette må sjølvsagt forevigast... ;-)


Her er det Oda som har fått Lone til å sitje stille ei lita stund.
Lone har oppdaga at bøker er kjekke, og helst vil ho "lese" saman med nokon. Då er det greitt å ha ei flink storesøster i nærleiken :-))

Flem Skule 50 år!

Laurdag feira Flem Skule sine 50 år.
Dette har vore arbeidsplassen min sidan hausten -96, og det var kjekt å ta del i denne festen.

Flinke elevar, flinke foreldre, flinke musikantar og flinke programleiarar....

Skal sjå at vi snart har ein vannkjølar på plass... ;-)


Tok bilete uten blits, så resultata vart så som så...