mandag 27. september 2010

Hipp Hurra !

Idag kan vi feire 2 års brullaupsdag!

.... og over 17 år som kjærestar....

søndag 26. september 2010

Litt av helga..

Har hatt ei uvanleg sosial helg til meg å vere, noko som eg kjenner har vore både kjekt og travelt.... ;-)


Starta på fredag med ein kveld med reke & krabbe, og med selskap av flotte damer!
Det er heller sjeldan vi treffast, så det er kjekt å finne ut at praten fortsatt går lett...
Tusen takk til Ann Kristin som tok på seg å vere vertinne denne kvelden :-)




Laurdag fortsette vi med å gjere stas på ein triveleg 50-åring.
Super kveld med god mat og god underholdning!



Søndagen ordna vi med kaffi og kaker til Mormor og Morfar som hadde vore barnevakt, og gjestar frå LarsNils.


torsdag 23. september 2010

Jakta er i gong.. !

Jepp, i den siste tida har mørke og framande bilar køyrt sakte opp og ned vegen vår.. Og akkurat det er ikkje så skummelt, sjølv om mennene som sit inne i bilane har både lue og grøne millitær-kle! Neida, det berre viser at hjortejakta er igong ...
(Ungane våre trur sikkert at jakt, det er noko som foregår med bil!!)



Men i kveld når eg kom heim litt før kl 20.00., kvapp eg litt.. For når eg skulle rygge inn oppkjørselen vår, låg der plutseleg ein grøn bylt ovanpå vegen vår, med geværet ved sidan av seg, utan ein einaste bil i nærleiken! (Bilen stod faktisk att nede på hovudvegen.. ;-)
Eg både køyrde forbi og var ute med fotoapparatet, utan at han så mykje som lea på hovudet!
Men etter at eg kom inn att, kom skotet!
Og dette under 20 meter frå inngangsdøra vår!!
Fleire enn eg som synest at dette var vel nært?!?!?
Heldigvis var det truleg lyd-dempar på geværet, så ingen av ungane vart skremde.
Så kjære hjorte-jegarar: Eg har ingenting imot jakta, eg vil svært gjerne redusere både hjortebestanden og all flåtten som følgjer med... MEN DRA DOKKE LENGRE VEKK FRÅ HUSET MITT NESTE GONG!!!!

Litt haust..


Hausten er her, og innimellom regnbyene, kan ein faktisk nyte dei fine fargane som tek til å vise seg..

Då burde ein berre ha litt betre tid til å forevige den flotte naturen!



Men ungane er no støtt og stadig i "fokus"...
Her er det Lone som har fått lufta paraplyen sin.


Oda i elva.
Mor skulle teste lukkertida på kamera, men fekk det ikkje til... Prøver å ta bilete av rennande vatn...



Må avslutte med "skøyerfjeset" Andrine, ikkje alltid like lett å få henne "normal" på bilete ;-)



torsdag 16. september 2010

Indian summer..

Denne veka synest eg hausten kom skrekkeleg fort...


Idag tidleg var det faktisk hagl som datt ned på altanen vår!! Då er det rart at det berre for ei veke sidan var gode sommartemperaturar..

Her i hus har haust-sesongen allereie starta.. Alle har vore litt små-forkjøla, Lone har prøvd seg på falsk krupp, og idag har Andrine vore heime med feber og hovudverk, og no har øyreverken teke over :-(


Men når det er surver ute, er det berre ein ting å gjere: Fyre opp i ovnen, tenne nokre stearinlys, eit hobby- eller interiørblad i godstolen, eller som no i kveld: blogge dei siste sommarbileta frå forrige veke :-)
Om det ikkje blir fleire dagar med Indian Summer, så satser vi i alle fall på nokre fine haustdagar framover.
Det fortener vi, ikkje sant? :-)

tirsdag 14. september 2010

Tusen takk!

Vil med dette få seie tusen takk til snille besteforeldre, tanter og onkler, "heltar", super-tanter og reserve-tanter, snill fadder i Bergen, og elles alle i familien som husker på ungane våre når dei har bursdag! Dokke betyr mykje for ungane våre!!
(Ikkje berre når dei har bursdag, altså... ;-))

Hektisk..

Som ein ser av bileta, var det ikkje berre mor som var sliten...
På veg heim frå Hano-dagane på laurdag, somna Andrine og Lone i bilen. Lone var det umogleg å få stabla på føtene igjen, så ho tok kvelden - i 6-tida!
Dette førte til at ho starta dagen allereie i 5-tida dagen etterpå... Jaudå, akkurat det vi trengte!!


Men det var no greitt å få starta tidleg, for før ein svipptur på Hano-dagane, og familieselskap på ettermiddag, var heile familien i kyrkja for at Andrine skulle få 4-års boka si :-)

Diverse feiringar...

Ja, det har vore ein del feiring i det siste..
Sidan vi lada opp med brullaup, vart det fleire selskap den påfølgjande veka..

Først ut var Andrine, som ENDELEG kunne seie at ho hadde blitt 4 år!
Vi feira med selskap, kaker og brus, og eg håper at alle dei 11 gjestane hadde det fint :-)
Andrine var i alle fall godt nøgd då ho la seg ( - og trøtt!)


Så var det nokre kviledagar, før Oda kunne feire sine 8 år!
Sjølve dagen vart på laurdagen, der mor hadde kjøkken-teneste og far stod på stand på Hano-dagane.. Ikkje sjans for feiring då, nei!
Men vi tok opp att suksessen frå i fjor, og tok selskap på fredagen, med Hano-diskotek på kvelden i same slengen :-)



Så var det på tide med eit familie-selskap på søndagen.. Mor i huset var ganske "susete" i hovudet etter ei hektisk helg, men med kake-hjelp frå Fjørtofta, gjekk det bra likevel ;-)




Phuuuu....

mandag 13. september 2010

Sidan sist...

Kvardagen har innhenta oss med stormskritt, og vi er tilbake med "skippertak-blogging"...




Men vi må no få med at vi den siste helga i august, var så heldige å få bli med på å feire Linda og Tor sin brullaupsdag!
Tusen takk for invitasjonen, dokke var utruleg flotte!!
Lykke til vidare i livet - når "skippertaka" kjem hos dokke også ;-)

lørdag 4. september 2010

Hipp hurra!!

Tenk - no har storejenta vår blitt 8 år og tredjeklassing!


Vi gratulerer så mykje med dagen til Oda - verdens beste storejente og storesøster :-)
Dagen vart feira på forskudd igår med vener på besøk, før dei avslutta dagen med diskotek på samf.huset.
Sjølve dagen blir nok feira på Hano-dagane ;-)
Andrine og Lone, mamma og pappa, er kjempeglade i deg!