torsdag 23. september 2010

Jakta er i gong.. !

Jepp, i den siste tida har mørke og framande bilar køyrt sakte opp og ned vegen vår.. Og akkurat det er ikkje så skummelt, sjølv om mennene som sit inne i bilane har både lue og grøne millitær-kle! Neida, det berre viser at hjortejakta er igong ...
(Ungane våre trur sikkert at jakt, det er noko som foregår med bil!!)



Men i kveld når eg kom heim litt før kl 20.00., kvapp eg litt.. For når eg skulle rygge inn oppkjørselen vår, låg der plutseleg ein grøn bylt ovanpå vegen vår, med geværet ved sidan av seg, utan ein einaste bil i nærleiken! (Bilen stod faktisk att nede på hovudvegen.. ;-)
Eg både køyrde forbi og var ute med fotoapparatet, utan at han så mykje som lea på hovudet!
Men etter at eg kom inn att, kom skotet!
Og dette under 20 meter frå inngangsdøra vår!!
Fleire enn eg som synest at dette var vel nært?!?!?
Heldigvis var det truleg lyd-dempar på geværet, så ingen av ungane vart skremde.
Så kjære hjorte-jegarar: Eg har ingenting imot jakta, eg vil svært gjerne redusere både hjortebestanden og all flåtten som følgjer med... MEN DRA DOKKE LENGRE VEKK FRÅ HUSET MITT NESTE GONG!!!!

2 kommentarer:

Solveig sa...

Det e faktisk altfor nært! Og litt mørkt ute på den tida med kanskje? Kan no faktisk ver at ungane gjeng ute på den tida uten at dei vise so altfor godt? Uff, håpe han tenke sej godt om neste gong.
Her borte so ligg dei nedom gangveien (dei som drista sej utføre bilen ja...), med geværet peikande oppover. Stakkars den som prøva å gå forbi der... Dei låg faktisk sånn i går!

Alice sa...

Off! Det var vel litt for nært ja?!?!