Sidan vi lada opp med brullaup, vart det fleire selskap den påfølgjande veka..

Vi feira med selskap, kaker og brus, og eg håper at alle dei 11 gjestane hadde det fint :-)
Andrine var i alle fall godt nøgd då ho la seg ( - og trøtt!)

Sjølve dagen vart på laurdagen, der mor hadde kjøkken-teneste og far stod på stand på Hano-dagane.. Ikkje sjans for feiring då, nei!
Men vi tok opp att suksessen frå i fjor, og tok selskap på fredagen, med Hano-diskotek på kvelden i same slengen :-)

Så var det på tide med eit familie-selskap på søndagen.. Mor i huset var ganske "susete" i hovudet etter ei hektisk helg, men med kake-hjelp frå Fjørtofta, gjekk det bra likevel ;-)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar