onsdag 22. desember 2010

Førjuls-styr...

No i desse førjulstider har nok både eigen og andre sine bloggar blitt nedprioritert..
Håper jula kan komme med litt rolegare tider og meir overskudd, slik at det kan bloggast igjen :-)

Har "friska opp" bloggen idag, og satser på at dette er starten på eit nytt blogg-liv.

Dette flotte biletet er teke av Tante Randi den helga ungane var på Fjørtofta. Dessverre var julekorta allereie bestilt.. Endeleg eit bilete der alle tre smiler og ser "normale" ut - samtidig!

Du er dermed hyra som neste års julekort-fotograf, Randi!  ;-)

tirsdag 14. desember 2010

Årets julekort!

Å få alle tre samla, å få dei til å sjå grei ut, og alle er blide, er ei utfordring.. Om ikkje umogleg...
Her er nokre av bileta som IKKJE vart brukte...

2. søndag i advent

Og plutseleg var det 2. søndag i advent...


 Denne søndagen kom det også litt snø på sunnmøre (-og meir skulle det bli!!) Vi nytta fridagen til å komme oss litt ut, og det gjorde godt.
Prøvde også å få knipsa nokre julekortbilete.. Ikkje så mange blinkskot, menmen..


 Kjekt ute var det likevel!


 I veka etterpå prøvde vi å få baka litt.. Fjuska med ferdig-deig kjøpt på butikken, men Oda protesterte på det, så neste gong skal vi lage deiga sjølve.. :-(

Som det ser av bileta, måtte heile familien trå til!

tirsdag 7. desember 2010

Kaldt...


 I skrivande stund lavar snøen ned, våt og tung.. Og ifølge yr.no skal den i løpet av dei neste dagane regne vekk.
Er eigentleg glad i litt snø, men når ein veit at den skal bort i næraste framtid, kan den like godt la vere å komme...

Får heller publisere nokre av dei få bileta eg fekk tid til å ta i løpet av kuldeperioden som var. Vi hadde nokre flotte og kalde veker, men dessverre så rakk eg ikkje så mykje dagslys. Hadde heldigvis med meg fotoapparatet på jobb ein dag, og rakk då nokre bilete på veg heim. Eller det vil seie, det kunne ha blitt fleire bilete, men apparatet fekk visst litt kuldesjokk i -5 grader, så batteriet takka for seg ganske så raskt...
(Lærer aldri dette med reserve-batteri!!)


mandag 6. desember 2010

1. advent

Årets adventsstake hos Familien Otterlei Austnes   :-)

      

 1. helga i advent vart det verken Julemesse eller Adventskonsert på oss. Grunnen til det var at Byggfag-kjeden hadde sitt årlege julemøte/julebord denne helga. Og sidan det i år vart lagt til Molde, der både Tante Liv og Tante Kari bur, spanderte vi heile helga  :-)

 Og heldige er vi som har Tante Liv på Molde, for då hadde vi ein sjølvskreven barnevakt ;-))
Så på fredagskvelden, medan mor og far hadde ølsmaking og tapas-middag på Molde Bryggeri, var jentene og Nanny Liv på julebordsbuffet på hotellet.

Og dagen etter kom Tante Liv og henta tidleg... Då fekk mor gå i butikkar HEILT ÅLEINE, medan far var på møte. Og så rakk vi å slappe av på hotellet før det vart tid til å kle seg til julemiddag.
Jentene på si side fekk bli med på bhg der Tante Liv jobbar, og fekk der bake pepperkaker saman med pepperkakebaker Tonje.

På søndag var det tid for hotellfrokost (noko av det kjekkaste når ein bur på hotell, synest no eg..), før vi køyrde for å hente barn, og ete meir mat.
Dagen vart avslutta med besøk hos Tante Kari.

Innhaldsrik helg, med andre ord, og litt slitne alle mann...
Og som Oda sa: "Vi køyrde no av ferja (på Vestnes...), og plutseleg stod vi utanfor huset vårt!!"


Sender ein god klem til Tante Liv, og takker for ei fin helg!

tirsdag 30. november 2010

Juhuu!!! Eit lite livsteikn...

Jepp... Lenge sidan sist...
Lite sprell hos Familien Otterlei Austnes for tida, likevel har døgnet for lite timar!   Pussig...

Grunnen til at vi er innom her så snarast, er at eg har lovd å legge ut ønskelistene til ungane  ;-)  Idag har dei altså starta på den, men langt frå ferdig :-)))  Men det får bli med dette denne gongen.



Mykje har skjedd på "blogspoten" sidan sist eg laga innlegg, så i farta fekk eg ikkje med meg at bileta vart litt på skeiva...
Men dette er altså det Lone fekk tid til å klippe&lime...  Brukar dessutan str. 104 i kle  ;-)


Oda sin kom også på halv 8....  Ho var derimot litt meir effektiv, og fekk litt meir ned på papiret..
Str. 146/152 i kle!!!  (Men det endrar seg til stadigheit!)


Andrine tenkte "stort" og måtte bruke 2 ark, ikkje ferdig ho heller...
Bruker str 116.


Håper "Tantene" er fornøgde no !!  :-)

torsdag 21. oktober 2010

Upps.. Kva er dette!!

Så skjedde det i år igjennnn...
- Vinteren kom brått og brutalt!



Det at det kom litt nysnø på onsdag, skremte oss vel ikkje så mykje. Så når yr.no kunne melde 4-5 plussgrader og regn til torsdagen, valgte vi å ikkje legge om til vinterdekk...
Du kan seie vi angra på det når vi høyrde brøytebilen tidleg torsdags morgon... !!

Men alle kom heldigvis heilskinna fram både på jobb, skule, bhg, og kurs. Og det skulle no bli mildare utover dagen, sa dei på lokalen..
Hahahaha!!!!  Den gong ei!  Mor klarte å manøvrere bilen frå jobb og til Haramsøya igjen, henta ungar hos Farmor og bhg, innom butikken, men då var det stopp...  Sommardekka klarte ikkje stykket frå hovudvegen og opp til huset  :-(     Då var det å ta beina fatt, med sekkar og handleposar, og med snø oppetter leggen..

Men ungane synest det er stas!!  ;-)



(Trur eg får vinterdekk på bilen  i løpet av kvelden, ja)

onsdag 20. oktober 2010

Fjørtoftsneset

Medan vi var på Fjørtoftsbesøk, måtte vi ta turen "ut på Neset". Sol og fint ver var det, men ein del vind og dermed litt småkaldt. Men vi fekk med oss litt saft og litt kjeks, og la modig i veg...
Spennandes å sjå kor langt Lone ville gå sjølv, og kor mykje ho måtte berast...


 
 Første stopp var Grønholen. Er ikkje sikker på kvifor denne plassen har blitt slik den er, men det er i alle fall ein knaus som er "irr-grøn", liggandes midt i all lyngen.. Forklaring på "fenomenet" blir motteke med takk!...  :-)


 Fortsatt på Grønholen.
Vindfullt, og med lyngheia og storhavet i bakgrunnen.


 Oda poserer på den yste knausen på Grønholen. Måtte berre ha med den artige flystripa som dukka opp på himmelen..


 Ein gammal sommarfjøs blir fort til kiosk (Er det Kvalvika det heiter her, tru..?)  Her er også den vika der vi kan finne det meste havet har til overs av rusk og rask og andre rare skattar ;-)


 Litt rullestein, den som enno ikkje er overgrodd av lyng.
Kunne godt ha tenkt meg nokre av desse i blomsterbedet mitt, men Bent sa at det var ikkje aktuelt..
Nydeleg er den uansett!

 Flinke jenter som kan å gå på tur :-)
Men pauser er viktig for å halde på humøret!


 Endeleg ser vi Fyret der framme..
Og Lone går fortsatt for eiga maskin!


 "Mitt" fyr.........


 Mykje rart er å finne i fjøra, her er det noko som blir brukt til hoppetau  ;-)


 Hmmm... Kvar tok Lone vegen?!
Upps! Nesten halvvegs oppe i stigen til fyret!!  Klatremusa...


 Sekretæren vår i aksjon. Og så måtte det studerast om der var andre namn i boka som vi kjente...


 Merka av ver og vind, minner, og god "ballast"..
Eg kjenner eg er Fjørtofting...


 Skøyerjenta vår!


 Godt å finne seg ei lun krå, og kjekt at Mormor sende med oss saft og kjeks :-)


 Mykje å finne, studere, og undre seg over..
Neste gong må vi ha betre tid!


På veg heim måtte Lone ha "spesial-transport". Då er det godt å ha nokre sterke pappa-skuldrar å sitje på :-)
Men det må vere sagt, Lone gjekk heile vegen utover til Neset! Reknar med at ho går innatt også til våren, etter at ho har blitt 3 år..

tirsdag 19. oktober 2010

Gratulerer!


Vi nyttar høvet, sidan vi allereie er på "nett", til å gratulere Onkel Rune så mykje med dagen idag, den 19. oktober.
Håper du får ein fortreffeleg dag!  :-)

Haustferie...

Lenge sidan sist det har vore blogga no...
Korte og hektiske dagar gjer at tida rett og slett ikkje strekk til!

Men for eit par veker sidan hadde vi då litt haustferie, og nokre bilete vart tekne då også.. (Bent blir stadig like forundra over kor mange bilete det eigentleg er mogleg å knipse.. Hihi...  ;-))


Både mor i huset og Oda starta ferien med å vere litt "små-pjusk", men kom oss heldigvis på føtene igjen, slik at vi rakk eit par ferie-arbeids-dagar. (Såklart vi held tradisjonen i hevd - ingen ferie utan at nokon av oss er sjuke!)



Elles så vart det nokre laaange frokostar framfor tv'n... Dei to minste fekk seg nokre timar i bhg, sjølv om det var ferie. Mor hadde nemleg "litt" ho skulle ha teke att når det gjaldt husarbeid..   :-(



Siste helga i ferien reiste vi ein snartur på Fjørtofta.
Der fekk vi treffe gjengen ute på Granly, spesielt kjekt var det at Ove også var heime.
Alltid kjekt å komme på besøk hos dokke!



Hos Mormor og Morfar har vi det som plommen i egget!
Vi kjem til dekka bord, og et god mat frå vi kjem til vi reiser. Denne gongen fekk vi også smake "steikte tøskhaud" (.. eller steikt torskehovud..)
Og Mormor har tid til å leike frisør, eller "pleppe-dame" (= "klippe-dame"), som Lone seier.



Må få med Andrine, som er den einaste av våre tre søte små som et krabbe og reker..
Dette gjer ho på følgjande måte:  Renske reker (viktig at dette er sjølvrenska reker!), ha majones på loffen, ha på eit lag med reker, litt meir majones oppå rekene, før ein avsluttar med eit lag med krabbe...  Helst ville ho nok ha litt meir majones oppå krabben igjen, men der sa mor stopp!


Sidan vi hadde nokre dagar med flott ver denne haustferien, kunne vi ikkje sitje inne å glo på Disney eller brette handdukar heile ferien...
Så då vart det ein liten luftetur til Håneset, med mange stopp for å forevige nokre av dei flotte haustfargane   :-)

søndag 3. oktober 2010

Gratulerer!



Hipp hurra for verdens beste mann og pappa!!


Idag fyller Bent år ( -var det 39?), og alle jentene hans sender han ein STOR klem via bloggen ;-)
(Han skal få "ekte" klemmar og, altså...)

Ikkje har vi baka kake, ikkje får han presang, men vi lover at vi skal vere så snille som vi berre kan, i heile dag!


GRATULERER MED DAGEN!

mandag 27. september 2010

Hipp Hurra !

Idag kan vi feire 2 års brullaupsdag!

.... og over 17 år som kjærestar....

søndag 26. september 2010

Litt av helga..

Har hatt ei uvanleg sosial helg til meg å vere, noko som eg kjenner har vore både kjekt og travelt.... ;-)


Starta på fredag med ein kveld med reke & krabbe, og med selskap av flotte damer!
Det er heller sjeldan vi treffast, så det er kjekt å finne ut at praten fortsatt går lett...
Tusen takk til Ann Kristin som tok på seg å vere vertinne denne kvelden :-)




Laurdag fortsette vi med å gjere stas på ein triveleg 50-åring.
Super kveld med god mat og god underholdning!



Søndagen ordna vi med kaffi og kaker til Mormor og Morfar som hadde vore barnevakt, og gjestar frå LarsNils.


torsdag 23. september 2010

Jakta er i gong.. !

Jepp, i den siste tida har mørke og framande bilar køyrt sakte opp og ned vegen vår.. Og akkurat det er ikkje så skummelt, sjølv om mennene som sit inne i bilane har både lue og grøne millitær-kle! Neida, det berre viser at hjortejakta er igong ...
(Ungane våre trur sikkert at jakt, det er noko som foregår med bil!!)



Men i kveld når eg kom heim litt før kl 20.00., kvapp eg litt.. For når eg skulle rygge inn oppkjørselen vår, låg der plutseleg ein grøn bylt ovanpå vegen vår, med geværet ved sidan av seg, utan ein einaste bil i nærleiken! (Bilen stod faktisk att nede på hovudvegen.. ;-)
Eg både køyrde forbi og var ute med fotoapparatet, utan at han så mykje som lea på hovudet!
Men etter at eg kom inn att, kom skotet!
Og dette under 20 meter frå inngangsdøra vår!!
Fleire enn eg som synest at dette var vel nært?!?!?
Heldigvis var det truleg lyd-dempar på geværet, så ingen av ungane vart skremde.
Så kjære hjorte-jegarar: Eg har ingenting imot jakta, eg vil svært gjerne redusere både hjortebestanden og all flåtten som følgjer med... MEN DRA DOKKE LENGRE VEKK FRÅ HUSET MITT NESTE GONG!!!!

Litt haust..


Hausten er her, og innimellom regnbyene, kan ein faktisk nyte dei fine fargane som tek til å vise seg..

Då burde ein berre ha litt betre tid til å forevige den flotte naturen!



Men ungane er no støtt og stadig i "fokus"...
Her er det Lone som har fått lufta paraplyen sin.


Oda i elva.
Mor skulle teste lukkertida på kamera, men fekk det ikkje til... Prøver å ta bilete av rennande vatn...



Må avslutte med "skøyerfjeset" Andrine, ikkje alltid like lett å få henne "normal" på bilete ;-)



torsdag 16. september 2010

Indian summer..

Denne veka synest eg hausten kom skrekkeleg fort...


Idag tidleg var det faktisk hagl som datt ned på altanen vår!! Då er det rart at det berre for ei veke sidan var gode sommartemperaturar..

Her i hus har haust-sesongen allereie starta.. Alle har vore litt små-forkjøla, Lone har prøvd seg på falsk krupp, og idag har Andrine vore heime med feber og hovudverk, og no har øyreverken teke over :-(


Men når det er surver ute, er det berre ein ting å gjere: Fyre opp i ovnen, tenne nokre stearinlys, eit hobby- eller interiørblad i godstolen, eller som no i kveld: blogge dei siste sommarbileta frå forrige veke :-)
Om det ikkje blir fleire dagar med Indian Summer, så satser vi i alle fall på nokre fine haustdagar framover.
Det fortener vi, ikkje sant? :-)

tirsdag 14. september 2010

Tusen takk!

Vil med dette få seie tusen takk til snille besteforeldre, tanter og onkler, "heltar", super-tanter og reserve-tanter, snill fadder i Bergen, og elles alle i familien som husker på ungane våre når dei har bursdag! Dokke betyr mykje for ungane våre!!
(Ikkje berre når dei har bursdag, altså... ;-))