torsdag 21. oktober 2010

Upps.. Kva er dette!!

Så skjedde det i år igjennnn...
- Vinteren kom brått og brutalt!



Det at det kom litt nysnø på onsdag, skremte oss vel ikkje så mykje. Så når yr.no kunne melde 4-5 plussgrader og regn til torsdagen, valgte vi å ikkje legge om til vinterdekk...
Du kan seie vi angra på det når vi høyrde brøytebilen tidleg torsdags morgon... !!

Men alle kom heldigvis heilskinna fram både på jobb, skule, bhg, og kurs. Og det skulle no bli mildare utover dagen, sa dei på lokalen..
Hahahaha!!!!  Den gong ei!  Mor klarte å manøvrere bilen frå jobb og til Haramsøya igjen, henta ungar hos Farmor og bhg, innom butikken, men då var det stopp...  Sommardekka klarte ikkje stykket frå hovudvegen og opp til huset  :-(     Då var det å ta beina fatt, med sekkar og handleposar, og med snø oppetter leggen..

Men ungane synest det er stas!!  ;-)



(Trur eg får vinterdekk på bilen  i løpet av kvelden, ja)

2 kommentarer:

Anonym sa...

Er ikke så ofte innom bloggen din men det er alltid like kjekk. Mange flotte bilder. Kjempe flink du!D

Elisabeth F sa...

Hei på deg. Eg er ofte innom bloggen din, og blir alltid glad når det ligg nye innlegg der. Du skriv så bra og tar altså så fine bilete!

Håper alt er bra med deg og dine og at vi sjåast snart. Eg skal oppover på julebord (dette er å rekne som eit nabovarsel)
Klemmar frå meg