fredag 30. oktober 2009

Kvalitetstid..... (?)

Søndag som var prøvde vi oss på litt kvalitetstid i familien Otterlei Austnes...
Veret var flott, men turen vart lagt til Ulla og Fyret.. Og der ute bur det som kjent nokre geiter..!
Mor og far fekk i alle fall trimma seg når vi måtte bere 2 jenter, og den tredje på slep, runda opp til fyret...




Men alle var samde om at det hadde vore ein gild tur :-))

torsdag 29. oktober 2009

Sidan sist...

Lite tid til blogging for tida....
Prøver meg på ei lita oppsummering :-)


Dei to siste vekene har vi kvar dag hatt besøk av Heimesjukepleien som har gitt Oda dagens medisindose. Dette har Oda fått intravenøst, så ein liten time kvar dag måtte ho sitje stille...
Så kva skulle ein då gjort utan Disney Channel!!!
Oda har vore kjempeflink desse to vekene, men såg fram til å bli ferdig. Litt travelt å måtte noko kvar dag, i ein heil time.. Dessutan låg veneflonen i høgre handa, så ho vart nærast litt "handicappa"..
Andrine følgde godt med dei gongane ho var heime, så kanskje vi har ein kommande lege-student i huset?


Vi har vore velsigna med godt ver her på Sunnmøre i det siste. Og av og til må ein som småbarns-foreldre tidleg opp.. Bonusen då er at ein kan få med seg flotte soloppgangar!
Her har eg leika meg litt med kamera. Bileta vart fine - kvart på sin måte..



Lone har mykje føre seg for tida.. Prøver ut - med varierande hell ;-)


Her er litt av helga som var...
Dessverre så gjekk den så altfor fort..



torsdag 22. oktober 2009

Haust!

Sjølv om hausten kan vere både mørk og "sur", full av virus og andre "basseluskar", kan den også vere fin....

... kalde, klare dagar der alle fargane kjem til sin rett...

Trur resten av hausten kan bli fin, eg....

tirsdag 20. oktober 2009

Dagens fangst!

- og fire kilo reker gatelangs.... (Øystein Sunde, Bents favoritt!)




Treng ikkje båt for å vere hummer-fiskar!!!!


søndag 18. oktober 2009

Gratulerer med dagen!

Heisann Onkel Rune!





Du er herved "blogga"!! ;-)

Jepp..

Lone spyr....

Oppdatering frå "sjukeheimen".....

Har vore i kontakt med Legevakta i kveld igjen..
Oda sterke magesmerter for andre kveld/natt på rad, i kveld kasta ho opp..


Andrine har vore ein tur ute idag, med resultat i slim og oppkast..


Nokon som vil bytte !?!?

Glimt frå sjukehus-besøk

Som sagt tidlegare, har vi fått erfaring med Barneavdelinga på sjukehuset denne veka...
Her eit lite glimt derifrå.

Ei overnatting på sjukehuset var nok..
Heldigvis kunne Heimesjukepleien ta seg av resten av medisineringa heime.

fredag 16. oktober 2009

Smil!

Litt humør/hunor hadde vi likevel tirsdags-morgonen...

Og mor måtte dokumentere tilstanden med kameraet, sjølvsagt...!!?!

Noko herk....!

Denne veka har vore prega av at omtrent heile familien Otterlei Austnes har "hangla" på ein eller annan måte... Men verst har det noko vore for Oda :-(

Tirsdags morgon oppdaga vi (..etterkvart... Den største blir nedprioritert når ein har to yngre, sjuke søsken!) at venstre sida av fjeset hang ned, og ho klarte verken å drikke skikkeleg, blunke, eller bruke musklane i fjeset på nokon måte. Må innrømme at mor hadde litt hjartebank akkurat då... Etter ein liten kikk på nettet hadde hjartebanken roa seg litt, sjansen for svulst eller hjerneblødning var liten, men sjansen for borelia desto større...
Og etter ein liten legevisitt, bar det rett til Barneavdelinga på sjukehuset.

Biletet viser det ikkje så godt, men Oda hadde eit "flammande" utslett i fjeset, halsen og på bringa.
Og det som gjorde at mor tok ein ekstra titt på eldstedottera, var kommentaren: -Mamma, eg klarer ikkje drikke skikkeleg...



Og det var vel ikkje så rart når heile venstre sida var lamma!
Stakkars lille, store vennen min..

tirsdag 13. oktober 2009

Jaja...

Etter ein og ein halv time på jobb, drog eg heim til denne festelege gjengen idag...


Heim frå Danmark hadde vi ikkje berre gode opplevingar og taxfree-varer med i bagasjen...
Ein liten virus-infeksjon kom med som ein liten bonus-souvernir. Så då var det 3 stk hostande og febervarme barn heime idag, og det ser det ut til at det blir i morgon også...
Nokon som sa "no igjen......?"

Haustferie - fortsettelse...

Her kjem nokre bilete frå besøket på Kontiki-Museumet.


Dei yngste av barna fekk vel ikkje stort med seg av historia og utstillingane, men der var mykje å sjå på likevel :-) Fiskar og rare båtar... Så får vi heller ta kunnskapen når dei blir litt større.



Kjære Tante Åse!
Det var kjekt at du kom og helste på oss.
Så er det veldig greitt at du driv med litt rettleiing.. For du har heilt rett! Vi var aldri på Karl Johan, men på Aker Brygge...
Litt små-flau her, ja ;-)

søndag 11. oktober 2009

Haustferie!

I år tenkte vi at vi skulle prøve noko nytt... Nemnleg reise på haustferie!!
Saman med familien Milic sette vi kursen for Danmark!

Her kjem eit lite samandrag av det vi opplevde på turen :

Vi tok laust på laurdagen..
Var glad vi hadde lagt om til vinterdekk før turen!
Første stopp var Lillehammer, der vi åt pizza på Peppes før vi tok kveld.


Vi overnatta på Birkebeineren Hotell. Supert Hotell om ein er fleire enn standar-antalet.. Store og fine rom for ein fam. på 5!
Søndag var det klart for siste etappe - til Oslo og Danskebåten!
Men først leika vi turistar i Oslo...





Etter besøk på Kontiki-museet (kjem seinare!) og rusling på Karl Johan, var det å finne ferja..
"Garmin" og Swetozar klarte biffen!



Endeleg ombord i Stena Saga!!
-og det har blitt søndag kveld.



lørdag 10. oktober 2009

Gratulerer!

Trur eg rekk det såvidt... !!

Vil gjerne få gratulere Anne(mi) med dagen idag 10.10. :-)
Håper du har feira litt sidan det er laurdag.

(Beklager biletet, men det var det "ferskaste" eg hadde.. Det viser Anne som blar i Danmarks-albumen saman med ungane. Når Oda var ca 7 mnd og Silje ca 11 mnd, reiste vi med fly og båt til København, med full oppakning og barnevogn!! Heilt tullete, men gøy likevel :-)

fredag 9. oktober 2009

....... :-))

....No har vi fått svømmehud alle saman, så no er det på tide vi kjem oss heim att.... ;-)

Helsing frå forblåste Danmark.

lørdag 3. oktober 2009

GRATULERER!!

Hipp hurra for verdens beste pappa, ektemann og venn, som fyller 39 år (- i år igjen!!!!) i dag :-)
Håper vi får tid til å markere dagen på ein eller annan måte...


Vi er veldig glade i deg!

fredag 2. oktober 2009

Ein sommar er over...

Idag var sommaren definitivt over...
-trampolina vart demontert og sett på vinterlagring!!

Den har dei siste vekene vore godt fastspent til gjerdet, men pga alt regnet lite brukt...
Men med 2 gode hjelparar gjekk det greitt å få trampolina i mindre flyttbare delar.
Så får vi håpe at vi kan sette den opp att om eit halvt års tid :-))


Feiring av brullaupsdag!

Betre seint enn aldri...
Tida strekk ikkje til så mykje blogging for tida, hektiske dagar for heile familien. .

Men i høve vår første brullaupsdag, inviterte vi foreldre/svigerforeldre til fårikål og kaffi & kaker. Vi får henge i å feire medan vi huskar kva dato det var!
Mine foreldre hadde ei lang stund 3 datoar å "velge" mellom for sin brullaupsdag.. No har dei endeleg blitt einige om at den 28/9 er den rette datoen ;-) Så difor vart det litt feiring for dei også (Dei har "litt" lengre fartstid enn oss, 52 år som gifte i år!!)
Lone var for lita til å ete så mykje kake under sjølve brullaupet, men dette tok ho igjen til gangs på søndag! Marsipankake og Cola er nammis...

På laurdag kom det ein flott bukett på døra! Det var forlovar Dagny som sende ei lita helsing :-)
Tusen takk for den flotte buketten!