fredag 16. oktober 2009

Noko herk....!

Denne veka har vore prega av at omtrent heile familien Otterlei Austnes har "hangla" på ein eller annan måte... Men verst har det noko vore for Oda :-(

Tirsdags morgon oppdaga vi (..etterkvart... Den største blir nedprioritert når ein har to yngre, sjuke søsken!) at venstre sida av fjeset hang ned, og ho klarte verken å drikke skikkeleg, blunke, eller bruke musklane i fjeset på nokon måte. Må innrømme at mor hadde litt hjartebank akkurat då... Etter ein liten kikk på nettet hadde hjartebanken roa seg litt, sjansen for svulst eller hjerneblødning var liten, men sjansen for borelia desto større...
Og etter ein liten legevisitt, bar det rett til Barneavdelinga på sjukehuset.

Biletet viser det ikkje så godt, men Oda hadde eit "flammande" utslett i fjeset, halsen og på bringa.
Og det som gjorde at mor tok ein ekstra titt på eldstedottera, var kommentaren: -Mamma, eg klarer ikkje drikke skikkeleg...



Og det var vel ikkje så rart når heile venstre sida var lamma!
Stakkars lille, store vennen min..

2 kommentarer:

Stine sa...

Stakkars Oda da. Får virkelig håpe ho kjem seg fort. God bedring!!!

Siv sa...

Huffa mej....