mandag 23. mars 2009

Hos frisøren!

På fredag måtte "lokkane" til Lone til pers....
Dei to eldste har fått behalde baby-håret sitt vel og lenge. Og når eg har sett på bilete i ettertid, har eg angra på det... Så når dei lengste tustane tok til krype langt ned i panna på Lone, var det nok....!
Var svært imponert over frisør Linda som faktisk fekk til å klippe litt sveis på eit hovud som virra både fram og tilbake. Og ikkje var Lone redd heller :-)
Og resultatet vart ei fin Lone, som nesten "vaks" eit par mnd med ny sveis!

Biletet er teke med mobilen, difor ikkje heilt topp kvalitet...

6 kommentarer:

Siv sa...

Så fin ho vart da!! Og ja, ho såg no meir "vaksen" ut:) Ej he stussa "luggen" til Hedda et par gonga sjøl.

Stine sa...

Så flott ho vart. Kjempefin jente!

Solveig sa...

Kjempefin store-jente :)

Anonym sa...

Lille gulle mitt! Off, e so lenge sia ej he sett dokke, å når ej først fær sjå bilde so he sjarmtrolla blitt so stooor! Hjelp ka tia flyg!!
Lone vart bære sjønn me ny sveis :o)
Håpe alt stend bra tej me dokke der ute. Å tusen takk før tilgode-lappen, tante! Den kom gøtt me! :o)
Klem frå
"tante" Anette i byn... :o)

Randi sa...

Heia lille Lone tuppå!
ÅiÅiÅi,so fin ei dokke du er da,å so flink!!
Jau ho såg "vaksnare"ut,MEN fortsatt lille baby`n vår ;))nuss er ho!!
Håper feber`n har reist frå huset NO,å ikkje kjem igjen!

Klem frå tante & co på Fjørtofta!

Elisabeth F sa...

Nei sjå på henne!! Så nydelig då!! Og så stor og lita på en gang der ho sat i frisørstolen.
Håper alt e bra med dåkke og at vi sjåast i påska. Klem