søndag 8. mars 2009

Teater-tur!

Laurdag var vi i Brattvågen på ID-huset på Pippi-forestilling. Det var kjempekjekt!
Eigentleg skulle vi reise alle jentene, slik at Bent skulle få jobbe i kjellaren. Men Lone fekk feber fredags ettermiddag, og kasta opp laurdag før vi reiste, så då fekk ho vere heime saman med pappa :-( Men vi andre jentene rakk både eit besøk hos Farmor og Tante Berit, og Tante Lisbeth, før vi susa ned på teater (Rakk å kjøpe bursdagpresang også!)

Sjølve forestillinga var veldig bra, både eg og jentene kosa oss! Andrine synest det nok var litt skummelt til tider, med mørk sal og høg lyd. Så ho sat på fanget mitt.... Men etter knisinga til Oda å bedømme, så synest ho at det var heilt topp :-)

Sjølve stykket var spelt av 4 skodespelarar som bytta på rollene, imponerande!


Men Pippi var Pippi heile tida, og ho var kjempeflink!

Litt artig er det at vi har ein teiknefilm som har omtrent same innhaldet som teaterstykket. Så slik sett var nok stykket kjent for jentene. Kanskje greitt for 2-åringen vår, det...

Og jammen rakk vi ikkje å handle litt godteri også før vi drog heim! Er vi på tur så er vi på tur :-)
Dette biletet er teke rett før Oda miste ei tann... Og den den tanna ho miste, var ikkje den som i fleire mnd har stått på halv 8 fremst i munnen, og som ser heller skummel ut... Neida, det var nabotanna!!!!!!!





2 kommentarer:

Randi sa...

Heia på dokke tuppene!!
Jammen så kjekt å sjå/høyre at dokke hadde ein kjempe fin tur igår da,å at ho Pippi er den samme gammle;)))Kansje Andrine spring rundt da idag å skal vise kor sterk ho er:o)
ÅiÅi....reiste tanna til Oda....ja men da håper eg tannfe`n har vore på besøk i natt;)))
Håper Lone er frisk idag,ja å at dei to andre ikkje har blitt sjuk:o)
Kos dokke no da idag i fine veret;)!!Klem frå oss her!:-)

Anonym sa...

Fleire so kosa sej ser ej. Bra! Frøya he fått litt feber idag og Fredrikke fikk det "nedover" i natt, bra oss rakk forestillinga før sjuka slo til att....