I samband med brullaupet vårt, vart det plukka ut ein "gjeng" som kvar mnd skulle markere brullaupsdagen vår på ein eller annan måte. I februar var det Guttorm (Bent sin forlovar), som skulle markere dagen med middag. Og dette gjorde han ved å be heile Familien Otterlei Austnes til middag med overnatting heime hos seg! Er ikkje redd for storinnrykk desse, nei :-)
Til middag fekk vi nydeleg kylling med heimelaga potetstappe (-ingen smaklaus Toro, der nei..), god saus og god drikke. Og til dessert/kvelds fekk vi Guttorms heimelaga karamellpudding, og ungane stappa i seg is og mykje anna snacks.. Eit realt herremåltid!(Trine fekk eit tilbakeslag av dårleg samvittigheit.. Vi starta i haust på Den Store Boken Om Knerten, men har hatt ein laaang vinterferie. Denne veka har vi då starta opp att med lesing på sengekanten.. Takk til Karen!)



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar