mandag 30. mars 2009

Oppdatering frå veka som var...

Det blir litt rykk-og-napp-oppdatering på bloggen no for tida, synest det er full rulle heile tida :-) Dessutan har dei vaksne i familien sovna på sofaen omtrent kvar einaste kveld... Det har vore nok ei veke med ein del tankar svirrande i hovudet, og det trur eg rett og slett ein blir litt sliten av...

Men her er i alle fall bitar frå veka som var:

Måndag hadde vi besøk av ei "prima ballerina", ei prinsesse og ein yndig fe! Kjekt når Andrine får bli med store-jentene i leiken :-)

Tirsdag var dagen for mange tankar igjen, både gode og triste....
Men på kvelden var det førebuing av Kunstkafe på Flem SFO. Her ser dokke den fabelaktige gjengen som eg er så heldig å få jobbe saman med :-)
Går dokke inn på heimesida til Flem Skule, kan dokke lese meir om Kunstkafeen.
Onsdag rakk eg både kakebaking og ein rask trilletur saman med Barselgruppa før vi (eg, Oda og Lone) køyrde bort på Longva for å prøve å hjelpe til på Kunstkafeen.
Pappa Bent og Andrine var på avslutning på Barnetrimmen. No går det mot lysare tider og forhåpentlegvis meir uteaktivitet ;-)


Torsdag var det vel ikkje noko spesielt som hende.. Måtte berre ha med eit bilete av stilen til Lone! Ho har for tida ein tendens til å finne noko å sitje PÅ.... Det er alt frå bøker, øskjer og til gåvogna. Torsdag skulle ho opp i legokassa.... (Ho klarte det!!!)



Fredag var også ein dag der vi var både her og der... Eg og Lone på Longva, Oda og Bent på fotballtrening, besøk hos Farmor bl.anna....
Men fredag var også dagen då det var 1 mnd sidan eg innstallerte teljar på bloggen min. Og når fredagen gjekk over til laurdag, hadde det vore 1184 besøkande!!!!! Det hadde eg ikkje venta!
Så det er nok fleire enn mamma og pappa som er innom her, ja ;-) (-og det er kjempekjekt!)
Fortsett med å besøke bloggen, og legg gjerne att ein kommentar :-)



4 kommentarer:

trineb sa...

Så kommenterer eg mitt eige innlegg...
Bilete frå Ulla er teke då eg kom frå Longva, og har då samanheng med ref frå fredagen...! Held på å teste ut litt funksjonar på kameraet, så eg hadde det liggjande i bilen ;-)

Stine sa...

Det er veldig kjekt å sjå oppdateringer på bloggen dåkka, så berre fortsett. Trur nok det er fleire enn du trur som er innom. Vekene flyg ivertfall, ser det når man tek et "sammendrag" i ny og ne. Stadig noko som skjer.

Hege sa...

ja jeg er altså innom her med jevne og ujevne mellomrom. Har hatt 3 uker på jobb nå og da har det ikke blitt tid til mye data! Så ære være deg for at du får tid til å legge ut litt innimellom. Nå skal jeg være mamma på heltid igjen og da blir det vel noen timer foran data'n... Jeg koser meg med bloggen deres!!

Anonym sa...

Ser inn om bloggen om kva som hender med dei tre små søte ,men gløymer og skrive noke

Oslo tante åse