søndag 26. juli 2009

Siste rest av ferien...

Må ha med litt fleire bilder frå ferien...

Laurdagen åt vi først ein god frokost på hotellet (-og hoppa i senga!!), før vi rusla ned i gågata i sentrum. Der kom vi over same gateseljaren som for eit par år sidan laga namneskilt til Oda! Så i år var det Andrine som fekk seg skilt :-) Denne karen sager ut -på frihand!- det namnet du ynskjer å ha på skiltet, medan du står og ventar. Utruleg artig å sjå korleis namnet kjem til syne på finerplata, sikkert nokre år med øving for å få dette til!

Ellers vart det no litt shopping, og ein god lunsj på ein restaurant med utsikt over elva :-)
Til slutt var det bading på Jorekstad Fritidsbad, før vi sette kursen mot hytta igjen. Vi kan vel seie at vi har 3 badeløver som kosa seg i vatnet. Lone plaska på grunna, medan dei 2 eldste raskt fekk taket på sklia ;-) (Ingen bilder herifrå sidan det ikkje er brukvisa å ta bilete på slike plasser)

Elles må det nemnast at jentene var godt trøytte når vi seint kom fram til hytta att....

Andrine studerer utsikta medan vi ventar på lunsjen vår. Ho hadde bestillt makaroni, men det vart nok chips -igjen... (Ikkje alltid like lett å ete ute med ungar som ikkje likar det meste ;-)



Søndagen hadde vi brukbart ver på hytta, så då måtte vi ut på luftetur. Ikkje lange biten, men vi fekk no rørt på oss...

Søndags ettermiddag bestemte vi oss før å pakke og reise heim.
Dårlege verutsikter og slitne jenter, gjorde at vi avslutta ferien ein dag eller to før planlagt. Dessutan hadde vi ein kjellar som stod og venta på oss heime...



1 kommentar:

Solveig sa...

Artig med sånne skilt! Oss me fekk laga sånne med han samme mannen (gjeng ut i frå at det ikkje e so mange som set i lillehammer og laga sånne skilt) for et par år sia til jentene. He tenkt at oss skulle hatt til han Kasper med, og i dag ringte ho eli og han jostein frå gågata i lillehammer og lurte på om dei skulle kjøpe et til han med! So då fær dei alle tre ;-) Han va utrulig flink han mannen der. Vart ståande lenge og sjå på oss!