
Laurdagen åt vi først ein god frokost på hotellet (-og hoppa i senga!!), før vi rusla ned i gågata i sentrum. Der kom vi over same gateseljaren som for eit par år sidan laga namneskilt til Oda! Så i år var det Andrine som fekk seg skilt :-) Denne karen sager ut -på frihand!- det namnet du ynskjer å ha på skiltet, medan du står og ventar. Utruleg artig å sjå korleis namnet kjem til syne på finerplata, sikkert nokre år med øving for å få dette til!
Ellers vart det no litt shopping, og ein god lunsj på ein restaurant med utsikt over elva :-)
Til slutt var det bading på Jorekstad Fritidsbad, før vi sette kursen mot hytta igjen. Vi kan vel seie at vi har 3 badeløver som kosa seg i vatnet. Lone plaska på grunna, medan dei 2 eldste raskt fekk taket på sklia ;-) (Ingen bilder herifrå sidan det ikkje er brukvisa å ta bilete på slike plasser)
Elles må det nemnast at jentene var godt trøytte når vi seint kom fram til hytta att....

1 kommentar:
Artig med sånne skilt! Oss me fekk laga sånne med han samme mannen (gjeng ut i frå at det ikkje e so mange som set i lillehammer og laga sånne skilt) for et par år sia til jentene. He tenkt at oss skulle hatt til han Kasper med, og i dag ringte ho eli og han jostein frå gågata i lillehammer og lurte på om dei skulle kjøpe et til han med! So då fær dei alle tre ;-) Han va utrulig flink han mannen der. Vart ståande lenge og sjå på oss!
Legg inn en kommentar