onsdag 8. juli 2009

Fleire Fjørtofts-bilete..

Nedanfor huset "mitt" på Fjørtofta, ligg naustet med ei koseleg og lun strand. Ikkje stor, men akkurat passe til soling, graving i sand, og krabbeleiting :-) Og vil du bade, går sanden såpass langt ut at du får deg ei bra symjerunde! Og det beste av alt, her kan du nyte sommardagen i le for nordavinden...
Lone fann ei lita venninne som også likte seg i sanden.
Oda og Andrine studerer dagens fangst.


Andrine er ei kosejente, som likar seg på fanget..


Og så slitne blir ein av sol og frisk luft (-og kanskje bittelitt rangling..)!!
På veg heim gjekk hurtigbåten via Harøya, akkurat litt for langt til å halde seg vaken..

1 kommentar:

Stine sa...

Mange flotte bilder fra Fjørtofta her. Vi vil ønske dåkke alle en riktig god sommer! Vi setter kursen sørover i morgen. Snakkast når vi kjem heim.