søndag 8. januar 2012

Førjulstid

I tida før jul er det som vanleg mykje som skal skje, kanskje av og til litt for mykje..
Men det er vel dette som lagar litt av førjulsstemninga også, så då er det vel berre å gå på med krum hals ;-)


Nissemarsj i barnehagen høyrer med, dette biletet er teke etter at smånissane har kome heim att  :-)


På Lucia-dagen inviterte bhg til Foreldrekaffi.
Det vart ei koseleg stund med kaffi & kaker, og ein flott opptreden av kvitkledde bhg-ungar.
(.. og mor fekk klump i halsen då ho vart klar over at det var den siste jula Andrine kunne markere i bhg.. Neste jul er ho skule-jente!)


Litt seinare på Lucia-dagen, var det Barnekoret som skulle i elden. Dei skulle synge på Kvileheimen på Longva, og samstundes ha ei lita juleavslutning.
Her er det to veslesøstre som har "sneke" seg med og fått bli med storesøstrene på kor. Dei fekk låne både kjortel og lys, og bli med i opptoget. Og det såg ut som om dei var garva kormedlemmar der dei rusla saman med store-ungane  :-)     (Sjølv om det på biletet her ser ut som om dei er litt prega av stundens alvor..)


Kor-jenta vår!

1 kommentar:

Alice sa...

Nydelege lucia-jenter og korjente :)