onsdag 25. januar 2012

Pepperkakebaking

Fortsatt litt på etterskot...   ;-)


Ein av dei få kakesortane som vart prioritert baka til jul, var sjølvsagt pepperkaker. Alltid like vellukka, og iår tok vi å laga deiga sjølv også  ;-)

Og når mor skal forevige familieidyllen (!), må til og med far i hus trå til...   :-)



Litt "tørr" og umedgjerleg deig iår, men Lone synest det gjekk greitt likevel.



Oda klarer seg for det meste sjølv, hadde allereie fått god kjevle-trening på skulen, der dei hadde hatt juleverkstad.



Og så kjem det kjekkaste - PYNTINGA!!



Litt tjuv-smaking høyrer sjølvsagt med...   ;-)



Lone tok likså godt å pynta og åt samtidig :-)

Det seier seg sjølv at det vart pepperkaker til kvelds denne dagen, og mor måtte hjelpe til med pyntinga såpass det vart litt i kakeboksen også...

Ingen kommentarer: