mandag 30. januar 2012

Adventsfesten 2011

I år var det ekstra kjekt og spennande å vere på Adventsfesten til UL Fram på Rogne...
I år var nemleg Oda med som ein av nissane i spelet "De fattige barns jul"

Oda synest det har vore stas å sjå på spela som Barnegruppa på Rogne har sett opp. Og i år tok ho steget til å vere med sjølv....  :-)



Sminke må til skal ein vere aktør på ei scene.



Nissejenta vår er klar for teater-debut!
Ho sa sjølv at det var sommarfuglar i magen, men at ho ikkje var særleg nervøs..
( Men det var mor....)



Her er Oda saman med "Nissemor".



Her har vi både nissane og trolla i stykket. Ser eg ikkje har fått med "menneska" som stod til venstre på scena..  Ikkje lett å vere stolt mor, og samtidig både fotografere, filme og få med seg det som føregjekk på scena!  ;-)

Kort fortalt handla stykket om ein familie som var så fattig at dei ikkje hadde råd til noko ekstra på julekvelden. Nissane skulle hjelpe menneska, medan trolla gjorde rampestrekar. Sjølvsagt enda det heile godt, og det vart jul for alle saman  (.. veeeldig kort fortalt..)



Stykket hadde mykje fin sang og dans, og eg trur ( heilt objektivt sett.. ) at Oda klarte seg veldig godt :-)



Måtte berre ta med dette!
Sjarmtroll (-eller nissar ) heile gjengen!   :-)


Etter spelet var det tid for nissebesøk, kaker & kaffi, og tilslutt gang rundt treet.
Vi gler oss allereie til neste år!

Ingen kommentarer: