mandag 2. januar 2012

Mor i huset på konsert !!!!

I oktober  fekk mor i hus ein kjekk telefon, med spørsmål om å bli med på konsert.
Om ho ville !?!

Her var det berre å leggje frå seg alt som heitte dårleg samvit, og takke JA!

At konserten var med Peter Jøback, i samarbeid med Ålesundskoret Von Dess, var bonus  ;-)



I forfjamselsen over å skulle noko ( aaaldeles ute av trening, her..), låg kameraet att då vi gjekk på konserten.. Angrer sterkt på det i etterkant!  Har istaden foreviga ho som tenkte på meg då ho bestilte to billettar :-)

Konserten svarte i høgste grad til forventningane, både ndg solisten og koret (Koret hadde mange dyktige solistar, dei også!)
Peter Jøback er ein dyktig sanger, historieforteljar og ikkje minst sjarmør ;-)
Konserten vart "nytt" frå byrjing til slutt.

Kvelden vart avslutta med ein betre middag, og eit glas god drikke, før vi rusla heim til lånt seng. Ikkje noko uteliv denne kvelden, men eit par timar med små-prat i sofaen istadenfor.


Her er kveldens vert :-)
Takk for henting, bringing, og lån av seng!


Ingen kommentarer: