mandag 2. januar 2012

Fjelltur

Søndag 16. oktober fekk vi det føre oss at vi skulle ha oss ein fjelltur. Heldigvis hadde Malin og mamma'n også dei same planane, så vi fekk litt drahjelp med å komme oss avgarde .-)

 (-har faktisk datoen skriven opp i kalenderen min!! Såpass sjeldan på fjelltur, ja...)


Det var ei skral form som vart stadfesta opp råsa frå skulen, men vi kom oss no gjennom både Røhammaren, Stormyrhaugen og Varden.
Her er vi på Røhammaren, med Lepsøya i bakgrunnen.

Rimeleg fornøgde med oss sjølve når vi kom nedatt :-)


Bent tok også same vegen saman med dei to minste ( hoppa over Stormyrhaugen, dei då), og eg må nok innrømme at eg var meir imponert over innsatsen deira..
Omtrent jamn "trasking" i over 2 timar, utan ein einaste sjokolade som lokkemiddel!!

Litt betre form hos den yngre garde, ja  ;-)

Ingen kommentarer: