tirsdag 2. desember 2008



Her har vi Andrine, midti-jenta vår som vart 2 år no på sein-sommaren. Aktiv jente som veit kva ho vil... Men med sine viltre krøller og flotte smil, klarer ho å sjarmere seg ut av det meste. Vanskeleg å vere lenge sint på denne kroppen!

Andrine har mykje føre seg, kasta bleien før 2-års dagen og har no teke til å snuse på r-lyden... Men som pappa'en seier: "...munnpartiet er velutvikla, det er verre med øyrene..."

Andrine sin store helt er storesøster Oda, og blir kjempeglad kvar gong ho blir teken inn i varmen og får vere med på store-jente-leiken.

Ingen kommentarer: