tirsdag 9. desember 2008

Helga!


Etter litt fram og tilbake reiste eg på julebord saman med Bent på laurdagen. Oda og Andrine skulle vere saman med Farmor, Onkel Nils og Tante Liv. Lone fekk bli med, ho er såpass uroleg nattestider at det var like greitt å ha henne med..

Bent var på møte heile laurdagen, så då fekk eg og Lone trille i Ulsteinvik sentrum og sjekke shopping-moglegheitene. Vi hadde heldigvis med Dagny som guide, så shopping-sentra vart funne :))
Å ha med Lone på "fest" er i grunnen ei smal sak. Ho smiler og er blid, går frå fang til fang, og sjarmerer i vei... Ho somna i vogna rundt halv 10, der låg ho og sov fram til kl var 0100 på natta. Då var det vel på tide for foreldra å legge seg og...
Søndag var det tid for god hotellfrokost, før vi besøkte Dagny og Arve så snarast. Der forstyrra vi dei midt i arbeidet oppe i tomta, men eg er sikker på at dei trongde ei lita pause ;)

4 kommentarer:

Anonym sa...

Men neste år skal både du, Bent og jeg på førjulsprøvesmakefest!! Ikke sant!?

Anonym sa...

Nei men sjå på balletsprinsesse da;)Ikkje rart at ho for frå fangt til fangt med eit sånnt søtt smil:-)Passa godt på julebord ho vil ej tru:-)
Lille dokka nuss!!


Klem frå tante R...

trineb sa...

Heisann Hege!
Neste år skal det berre bli førjulsprøvesmakefest !!!!
Veit du kvar vi skal møte neste jul..?

Anonym sa...

Hehe, jammen, ho ser no ut som ho lika sej på "galla" ho da ;o) Raud i kjakan e ett gøtt tegn :o)
Sikker på ho vart julebordets prinsesse :o)