Helga har for det meste gått ut på å få ungane friske.. Lite uteliv trass godt ver :(
Men litt har vi no funne på likevel: Vi har endeleg fått pynta dei berømte pepperkakene våre! Pepperkakehuset i år hoppa vi elegant over. Ungane fekk sette saman og pynte pepperkakehus saman med Tante Liv den helga vi vaksne var i Ulsteinvik. Og to pepperkakehus er å overdrive!!

Fokuset på biletet vart litt feil her.. Men det viser altså to pepperkakepyntarar + alle prosjekta som i løpet av ein dag ligg på kjøkkenbordet (-men som innimellom må "kvile" seg på ein kjøkkenstol ved sidan av..) Prosjekta er for tida jule- og takkekortskriving, rydding i gamle bilete og laging av julepynt for ungane. Det hjelp ikkje alltid med stort kjøkkenbord, det blir uansett for lite! Av og til et vi mat ved bordet også.. ;-)

Måndag måtte Bent ha seg ei lita pause frå kontorstolen på jobb. Ryggen ville ikkje meir... Då er det greitt å ha trådlaust samband med data'n på kontoret. Resten av familien håper at rygg-ondet går fort over og at papsen er i full vigør igjen til jul :)

Søndagskvelden ringte mormor og lurte på om det var noko ho kunne bidra med i huset. Og det er det no alltids, spesielt etter ei veke med sjuke ungar. Rart kor mykje som har ein tendens til å hope seg opp!! Fysjom... Så etter ein del vekers pause kom endeleg soveromsgardinene opp igjen, kle vart lagt saman, og ikkje minst kosa Lone seg :)

Søndags ettermiddag var vi på Adventsfesten til UL Fram på Rogne. "Reisen til julestjernen" var eit flott stykke med flinke aktørar som imponerte stort. Hadde putta litt kleneex i veska til ungane, men det var det mor sjølv som måtte bruke. Lett-rørt, jada... Det som også høyrer med, er besøk av rogne-nissen, gang rundt juletreet, og ikkje minst eit utruleg godt kakebord.

Har til kvar jul prøvd å laga ett eller anna saman med Oda. I år er det englar som står på juleverkstad-programmet. Og i år fekk Andrine også prøve seg. Etter konsentrasjonen å bedømme, lovar dette godt for dei kommande åra :-)
Skal prøve å legge ut resultata på bloggen, trur dei blir fine...
5 kommentarer:
Høyrest ut som ei kjempekjekk og innhaldsrik helg de har hatt:)
Så flinke dere er med ungene, Trine!! Blir flotte ungdommer og voksne av en slik barndom!
Ser ut som dåkke he kosa dåkke masse, tross sjuka. Dåkke e kjempeflinke å ver lame ungane :-)
Åhhh...blir imponert eg. Har så mykje energi dåkke. Vi skal også bli flinkare etterkvart (sei eg heile tida).
Heisann på dokke!!
Å du verden så kjekt dokke he hatt det i helga da:-) Trudde dokke va sjuk eg,men her ser no heile gjengen pigg ut..ja bortsett frå han "gammle"far i huset da ;)
Ja men du...No gidd eg ikkje sei det fleire gonger til deg...det var den byturen da,den vart vel utsett pga sjuke ungar,eller?HmHmHm...:-))Ja.Ja...eg skal slutte å mase eg Trine;)
Å du verden så ho mormor og Lone kosa seg da,dette bilde må mormor få sjå med meg her:-)
Ja å vere kreativ,elskar å lage NIPSERI har dei no arva etter deg Trine :-) Å ALT må opp på hyller å knagger:-)Kjekt det!!
Var kjekkare å lage papirhjerte og lenkjer til jul en å vaske rommet sitt...sant da Trine;):-)Det huska eg,gjer du?;)) Ja la det vere sakt at no snakka eg om Trine når ho var sånn ca. 12-13 år ! :-)
Ha ein fin 16 desemberdag der borte...sjå til å bli friske no!!
PS!! Dumt å minne deg på det Trine,for eg veit ( trur da ) at du huskar bursdagen til Torstein idag:-) ;)
God klem frå Tante Randi !!
Legg inn en kommentar