
Etter ei helg utan parkett å skli på, hadde Lone ei lita aha-oppleving på mandagen. Sidan Andrine også var heime, måtte Lone dele litt på oppmerksomheita, noko som kunne bli litt kjedeleg i lengda. Lone har lenge vore ei "stødig" jente som sit godt på rumpa si, men etter kvart tok ho til å ake seg framover!!! Og etter kvart som ho fann ut at ho kom seg framover, kom tempoet også..! Då var det rett i kjellaren for å finne fram grinda som vi brukar å sette framfor ovnen, dette vart litt for spennande for mor..
I løpet av dagen vart radiusen stadig større, så no går det ikkje lenger å sette henne ned, og forvente å finne henne der ho vart plassert..
Nye tider, nye milepelar! :-)
5 kommentarer:
He.He.He........ja ja da er "freden" brutt ser ej :-)))Rart kor fort det kjem når dei først kjem på det,puff pang så er dei over alt...
Å sjå på det blikket da..hahaha
Akkurat dette skulle nok ikkje du mamma sjå,tenkte ho.Å klart at ho må få rive ut av skuffene dine Trine;))Ho er no på oppdagelseferd må du vite:-)Men ovnen skal ho passe seg for ja.!!
Men du verden for ei dokke,heil skjønn !!
Kos til Lone frå tante R...
You go Girl!! ;o) Hehe, kjekt å sjå att d jeng framover da, vertfall :o)Du kan no sende na t byn t mej, so kan ho få prøve sej litt her mæ:o)Kanskje ho kan vere me mej på lekeland en tur? D ha no vør kjekt da:o)
Flink jente da:=)
Så kjekt å sjå bloggen dåkka. Arti med Lone som har blitt så stor og flink å oppdage dei spennande tinga rundt om. Ho er no så nydelig!!!
Eg skulle ha lagt dåkke til på blog lista vår visst det er ok!?
Hei julianne!
Det er ok... :-)
Legg inn en kommentar