onsdag 14. januar 2009

Jula ut i helga som var!

I helga som var, var det på tide å "hive ut" jula. Det er kjekt å pynte og gjere det koseleg til jul, men det er jammen godt å få vekk raudfargen og alt nipseriet igjen!! Så no er jula ute, og Trine er klar for å tenne nøytrale lys og kjøpe tulipanar og primula :-))

Vi hadde også siste rest av ribbe og grisemør i helga. Til det hadde vi Farmor og Onkel Nils til å hjelpe oss med. Kake og kaffi høyrer sjølvsagt med etter ein julemiddag. Og Lone smakar på det meste... (Skal tru kvifor ho er så rund i kjakane...)
Oj, huskar når eg ser dette biletet at juleserviset har eg heilt gløymt å pakke vekk! Det står fortsatt i skåpa...

Ikkje alle var like enige i starten om at jula skulle ut.. Andrine protesterte då vi ville ha ut juletreet, men det gjekk over då ho fekk hjelpe til med å ta av pynten. Verre vart det når adventsstjerna skulle ned...

Eigentleg litt dumt å hive ut treet, kjempeflott tre som knapt hadde mist ei nål!


Må også ta med eit stemningsbilete av det flotte veret som var på laurdagen. Dette tok Bent når han var ute og trilla Lone litt før kl 10. Litt seinare på dagen var vi ute og tok ned alle utelys. Ungane leika seg ei lang stund i sandkassa, fekk nesten vårstemning av den høge temperaturen... (I skrivande stund er det minusgrader ute..)



3 kommentarer:

Anonym sa...

For eit hærleg bilete av Andrine... Skikkeleg hjerteskjerande, men likevel, so skjønn!!! Ikkje lett å kvitte sej med jula, men eg er einig i at det er godt når den er ute òg...

Anonym sa...

Ej e gla jula mi e ute... Men ej he no hatt mi sia 1. advent ej da ;o) No gle ej mej bære t sommer å sol :o) I helga skal ej t bjorli, å der e d eeeenda kaldere å eeeenda meir snøv... Jett om ej skal pakke maaaaasse kle da! :o)

Klem
-Anette-

Anonym sa...

Å ho andrine va bære sjønn der ho protesterte... :o) Sjøna egentla kaffør... Men d jekk sej vel tej :o)

D ligg vel i slekta me å vere rond i kjakan... ;o) Å gla i sukker å søtt e vel alle små... ;o)

Fint stemningsbilde da... Naturfotograf ;o)