Velkommen igjen Ove! Ikkje la det bli like lenge til neste gong!

onsdag 7. januar 2009
Ove på besøk
Familien Otterlei Austnes klarte i jula å snu døgnet ganske bra.. Oda klarte glatt å sove både til kl 9 og halv 10! Men det går ikkje når alle 5 helst bør vere ute av huset før kl 0745.. Og ikveld var kvelden då alle dei små skulle i seng i rimeleg tid. Vi starta bra med tidleg kvelds og tidleg bad. Men så stod Ove plutseleg i døra!! Og frå å ha 3 trøtte jenter, fekk vi plutseleg 3 sprudlande og blide jenter!! (Der er nok forskjel på folk, ja, det er nok berre å innsjå det..)
Kanskje litt trøytt likevel, Andrine...?
At Ove er ein populær gjest (og snill fadder til Oda.. Takk for alle Kitty-tinga til jul!), er det ingen tvil om :-) Så var det greitt at dagen derpå var fridag til mor, og vi kunne drøye legginga litt likevel.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
3 kommentarer:
Så koslig med besøk da. Her er jentene i hundre kvar gang onklane kjem på besøk. Og da får dei masse oppmerksomhet - og det er også veldig kjekt.
Ha.Ha.....
Han klarte å komme til rett tid da Ove :-))))
Men eg kan tenkje meg at det vart vel nesten som julaftan når han dukka opp ja:-)Skulle vore der eg da å roa dei ned;))
Men eg må no sei da at dette ser no kjempe koslegt ut uansett klokkslett:)
Ja eg og håper at han kan ta seg tid og besøkje dokke oftare no når han er nærmare..Kansje litt tidlegare på "kvelden" ;))
Klem til dei 3 søte små frå tante Randi,onkel Ottar og Emil !
Kjekt med kveldsbesøk da! Sikker på ungane kosa sej ilag med Ove :-)
Legg inn en kommentar