onsdag 21. januar 2009

Tidsfordriv...

Når hovudet banker og kroppen er "sår", er det ikkje mykje anna å gjere enn å liggje på sofaen... Då er det greitt med berbar pc som får plass oppå pleddet ;-) Så idag har eg kika gjennom mange gamle bilete (-oj, så mange som ligg der, då..), prøvd litt fotoredigering, og småslumra med fjernkontrollen i handa. Greitt tidsfordriv dette, men det er så mykje anna som skulle ha vore gjort... Satsar på uant energi når dette er overstått ! :-)

Her er eit av resultata av dagens tidsfordriv:

Her ein ettermiddag vart det plutseleg så stilt i huset.. Lone sov ute, Oda hadde tusla seg inn på rommet sitt, og Andrine.... Ja, kvar i alle dagar var Andrine..?! Ropte litt forsiktig, men ikkje svar å få. Kva hadde ho funne på no da.. Såg plutseleg eit pledd som låg flott dandert over eine stuestolen vår, var der ikkje litt bevegelse..? Henta fotoapparatet og stod klar medan eg spurde kvar i alle dagar Andrine var blitt av. Forsiktig titta ho ut, ropte bø! og storkosa seg over at ho hadde klart å lure meg.. Tullejente ;-)

3 kommentarer:

Solveig sa...

Andrine e ei skikkelig godjente ho! Håpe du he friskna til igjen! Ej e frisk som en fisk ette en dag med sjuka :-)

Anonym sa...

Det hjalp altså ikke at du banka i bordet da jeg snakket med deg tirsdag... he,he!! Nei, vi kan vel banke til knokene blir blå uten at det hindrer disse virusene i å innta kroppene våre. Ønsker deg god bedring, Trine!!

trineb sa...

jaja, virus er det overalt.. (Eller som Andrine seier under tannpussen: Kari og Baktus Filiokus ;-))
Det vart nok ikkje jobb på meg idag, men forma er stigande. Håper no berre at Oda og Andrine slepp unna, slik at dette ikkje dreg ut.