søndag 25. januar 2009

Frustrasjon...... Og lys i mørkret.....

Er no inne i den 2. veka utan vaskemaskin, og saker og ting tek til å hope seg opp.. Dei har no kome så langt at dei har bestilt delar til maskina, meir veit vi ikkje... Bent har vore på tlf kvar dag for å forsikre seg om at dei ikkje gløymer oss, men frå måndag av er det nok eg som tek over masinga. Han trudde dei tok til å bli lei av han..

Sidan vi ikkje får vaska kle i vaskekjellaren, blir det til at vi ikkje gidd å drasse klea dit heller. Så då blir dei berre lempa opp i badekaret (og vi har stort badekar..), noko som ikkje er eit særleg pent syn :-( Så slik ser det ut på badet vårt for tida!

Men alt er ikkje berre "trist" for tida. Oppe hos oss er det "mørketid" nokre veker midt på vinteren. Men no er eg så heldig at eg får vere heime nokre føremiddagar og få med meg at sola kjem tilbake:-) Og her ein dag såg eg ein rar skugge på stoveveggen, det var sola!! Og det måtte no forevigast. Såvidt, gjennom trea til nabo Matias, fekk eg auge på sola. Ikkje så høgt på himmelen enno, men no går det fort mot lysare tider :-) JIPPI!!

Ingen kommentarer: