søndag 18. januar 2009

Helga vår!

Denne helga starta ikkje som vi hadde planlagt. Fredagskvelden hadde Lone over 40 i feber, kasta opp og var heller litt tufs... Og så var det den vaskemaskina då.. :-((
Men helga vart grei den likevel, sjølv med sjuk Lone. Bent var på jobb på laurdag, så vi jentene fekk "stulle" åleine. Lone sov for det meste, og dei to eldste leika roleg både for seg sjølv og ilag. Reine idyllen! Jaudå, vi kan få det til vi og :-) Fekk til og med vaska og rydda litt...
Søndagen var Lone i merkbart betre form, så då tok vi sjansen på å lufte oss litt. Vi pakka Lone godt ned i vogna og trilla ei runde, til ballbingen, via bhg. og heim att. Bra runde det for 2-åringen vår (Bent kallar henne berre for Duracell....)

På søndags ettermiddag var vi (unntagen Oda, ho var på besøk hos Malin) på kaffi-besøk nede hos Birger. Lone fekk då helse på Birger før første gong - på tide! Der fekk vi også eit flott sengeteppe i ekte silke, frå Birger sine Thailand-turar. Tusen takk, det var kjempeflott! :-)

Her ser vi Lone på søndagen, har teke til å bli interessert i leikene sine igjen.. Og ho ber preg av å ha to eldre søstre, tek mikrofonen og syng så det ljomar... Og bæljar om nokon prøver å ta den frå ho...

Julekorta brukar å få henge litt ekstra, sjølv om vi her i huset har avslutta jula. Det er så kjekt å gå og sjå på flotte bilete og minner, tusen takk til alle dei som har teke seg tid til å sende oss ei helsing til jul! (I år var det ny rekord, måtte utvide julekort-veggen!)
Alle julekort og takkekort blir sett i ein album, slik vi kan bla i den i løpet av heile året. Den fungerer faktisk som ei minnebok/oppslagsbok! -Skal tru når det var dei gifta seg, då...? -Er det lenge sidan han var konfirmert...? Ingen problem å følge med her i huset ;-)


Har endeleg fått tulipanar i huset :-) Flotte, ikkje sant?
No er eg sååå glad for at det går mot lysare tider!

Måtte berre ha med eit bilete av go'jenta vår Andrine. Ho er i ein artig alder, seier og gjer mykje rart :-) Og gjerne med eit glimt i auge! Det blir ikkje kjedeleg å bo i same hus som henne...




5 kommentarer:

Stine sa...

Ditta med å ha alle julekorta i album var en god ide. Her ligger alle i ei skuffe - til bruk når jentene leiker julekort-butikk og sånt. Spørs om eg skal gjere som du ja...Og veldig kjekt at det går mot lysere tider. Gler meg veldig til det er lyst når vi står opp. Men med Celine si døgnrytme for tida så kan nok det ta si tid...

Anonym sa...

Her var det mye moro å lese og se! Jeg har mammapemisjon igjen og må innrømme at det var godt å slippe stresset om morgenen for å komme seg på skolen. Men jeg storkoste meg på skolen sammen med Oda og de andre i 1. og 2. klassen! Håper dere friskner til etterhvert! Ser det går rett vei!

Anonym sa...

Heia..:-)

Å det var godt å høyre at Lone har blitt frisk igjen!
Å sjå for eit artigt bilde av ho og Birger:-)Koslegt!
Å du..du er no kjempe flink å halde orden i bildene dine da,smart!
Men dagens må vere ho typa som set på do med fotoapparatet sitt:-)))artigt!!Ho er no knall go da:-)
Håper at dokke får igjen vaskemaskina dokka idag!!!

Ha ein knall fin dag på Austnes!


Klem frå,
tanta & co på Fjørtofta

Anonym sa...

Hehe, so kjekt å sjå att ho he bjønd å komme sej ho Lone da :o) Ser ut som att leikene falt i gi smak :o)
Ho tuppelurå på do da... Hehehehe :o) Ho e no arti mæ da :o)
Å dessa tulipanan va KJEMPE FINE!! Blei misunnla ta heile greiå! E på jobb ej no... Å no e pausa mi ferdi!
Ha en strålande dag der heime!

Stor klem frå
-Anette-

Anonym sa...

Heia igjen Trine !!


Du...Dei tulipanane står jaggu mej i stil me kleda til Andrine,samme lollipop fargane..tøfft da!
Å ho frøken Sing Star da,ken skulle tru at ho va sjuk 1 døgn før,å der tralla ho i vei med mikrofonen:-)) Så bra!!


Ha ein fin aften;)


klem frå,tante R...