Og etter 1 1/2 time ( ca. 100 bøsser vart tømt den dagen) var vi ferdige og godt klare for å dra heim. Men resultatet vart no ganske bra likevel: Bra med påfyll på kontoane, størstejentene turde å vente på ballongar hos klovnen (vi var dei siste som var der, men likevel..), og Oda tøffa seg til å ta Tare på halen ;-)
(Må berre nemne at klovnen var ein klovn etter mitt ynskje. No fekk vi aldri stått så nært at vi fekk høyre kva han sa under programmet, men han heldt ein behageleg tone utan skrik og skrål. Og det er vel sjeldan for klovnar å vere..)
Så får vi berre håpe på at Lena og Onkel Rune klarer å skaffe oss slike tøffe Tare-luer.. Slik er det når ein står bakerst i køen, det er slutt på alle "godsakene" når vi er klare..
3 kommentarer:
Dåkke møtte no ivertfall opp på tømme-dagen. Hannah nekta å bli med. Trur ikkje noko kunne fått ho ut av sofaen og inn på banken når ho visste at tare og klovnen skulle være der. Men vi tok med bolle og leskedrikk heim til ho vi da.
Å huffa da..er dei så nifs desse figurane.
Ja .Ja. men dei deltok no i bakgrunnen om ikkje anna,og sparebøsså fekk dei tømt.
Håper at dei har fått seg hue no da med onkel Rune,det hjelpe på!
Men dei ser no fornøgd ut etter dei kom heim,med luftgitarar(ballongar).
Men hjelpe meg Trine..vart sein natt og tila opp da på deg idag...:o)
No har eg sendt Emil med hurtigbåten,dei reiste ein heil gjeng med jente,gutar(frå Harøy)til by`n.Kjekt det!Å Ottar ligg om bord båten sjuk,for andre gong på 1mnd,huff!!
Ha ein fin dag alle!
Klem!
Men hjelpe mej da, klare dei ikkje å bestille inn nok gåver also?? For en nedtur da. Nei, takke mej til nordea;) (haha)
Legg inn en kommentar