tirsdag 6. januar 2009

Snø.....

Endeleg har Kong Vinter besøkt Sunnmøre! Og som den aktive (!) og naturglade (!!) familien vi
er, var vi ute og prøvde snøen.

Her er det Andrine og pappa som prøver akebakken nedom skulen. Her kan farta bli stor...

Bilete av Oda som Søndag viste ganske bra uthaldenheit på ski (berre ein 2-3 raserianfall..)
Merk dokke snølykta som "tilfeldigvis" fekk bli med på bilete. Den vart laga i 3-4 tida av underteikna, og den brann fortsatt i 1-tida på natta! Jada, eg har det med å legge meg seint...

Her er begge jentene på ski :)
Det treng altså ikkje vere så mykje snø for å få skiføre...
Må då ta med ei vandrehistorie om Bent, trur dei fleste har høyrt henne før, men den er no fornøyeleg då....
-Bent er på sine yngre dagar ute og testar skia sine, då Birger kjem forbi. Det er tydlegvis ikkje så mykje snø på markane, og Birger spør om det er noko til skiføre... Og Bent svarer: -Der det e snøv so....!

Tidleg på laurdagen var Oda litt uroleg pga av at vi dreiv og masa på at vi skulle ut og gå på ski berre det fekk snøe litt til.. Ho hadde no ikkje store nok skisko!! På seinvinteren ifjor var det kun tynnesokkar som fekk plass i skiskoa, og det vart nok nokre kalde tær..
Men julenissen hadde gløymt ein pakke i kjellaren, og plutseleg låg den under treet! :-)
Ettermiddagen var redda!!

Og så glad blir ein når ein får seg nye ski!
Då er det berre å håpe på at det fulgte med litt tolmodigheit og stå-på-vilje i pakken også... (Pluss litt valium til foreldra som skal oppmuntre og veilede/villede til skiglede ;-)
Det høyrer også med til historia at Andrine var vel så glad for å overta gamle-skia som storesøster var for nye ski... :-)




3 kommentarer:

Stine sa...

Tenker Oda blir en "ræser" på ski etterkvart. Og litt raserianfall høyrer med. Hos oss går det bra med Malin mens Hannah derimot har "litt" kort lunte på skia. Går seg nok til ja... Synest forresten eg høyrer Birger når han spør Bent om skiføre...gjekk vel ikkje mykje på ski han.

Anonym sa...

Heia Oda!!


ÅÅÅÅÅ so gøy da....GRATULERER MED NYE SKI,DEI VAR FINE DA!!!
Kjempe gøy med snø Oda!

Å du...Ikkje sei det til mamma og pappa,men du må berre sjå til at dei er med deg ut på LANGE ski turer ja! hihihi

God klem frå,
tante Randi

Solveig sa...

Her ute e det berre å hive sej rundt viss snøen skulle komme til å legge sej ei lita stund. Emma og Thea med he gått på ski nokre gonga no ette jul. Det he gått overraskande bra. Emma e mest tolmodig. Men so e no ej og Kenneth über-positive når oss e lame ho med da, i frykt for at ho skal sprekke og bli jasande sint ;-)
Men ho vil ut og gå på ski - helst kvar dag.