søndag 25. januar 2009

Dagens luftetur!

Laurdag hadde eg og Dada oss ein luftetur med ungane bort til skuleplassen (Bent var i kjellaren og jobba der!) Skuleplassen er eigentleg ein super plass å ha i nærleiken, med skog, leikeplass og ballbinge.

Her er det Andrine og Andrea som kastar kongler i bekken. Andrine har lært seg eit nytt ord: botsj (?! Trur eg...) Det er bosnisk og betyr plask! (Trur eg.. Treng kanskje retting her, Dada :-)

På gangvegen bortanfor skulen kom Malin og Hannah ruslande, og plutseleg var der 5 jenter (6 med Lone som sov i vogna..) Koseleg!

Malin og Hannah fann ut at dei skulle bli med heim att til oss. Her er det musikk og dans på stovegolvet :-)
(God betring til Andrea som ikkje var heilt i form, viste det seg)

Litt mat måtte til når ein har vore ei stund ute i frisk luft.. Og is vart det til dessert ei stund seinare, det var no laurdag!!
(Malin lurte på om eg skulle legge ut bilda på blogg, sidan eg tok bileter av dei.. Ho hadde så lyst til å vere på andre sine bloggar også .. ;-) Så no er det ynskjet oppfylt, Malin! Håper det går greitt, Stine....


2 kommentarer:

Stine sa...

Heilt greit Trine. Supert at jentene fekk besøke Oda og Andrine. Dei kosa seg veldig fortalte dei meg.

Anonym sa...

Hei!!



Å så kosla dette såg ut da! Klart ein må ha mat etter en lang tur ut i frisk luft,høyre med det!Ta med niste neste gong kansje :-))

Du tante T...skin sola her no;))
Ha ein fin dag alle sammen!

Klem frå,
Tante R...