mandag 19. januar 2009

5 X 4

Har fått ei utfordring frå Stine... Skal gjere eit forsøk :-)

4 favorittprogram på TV:
- Grey's anatomy (tirsdag er tv-kveld)
- Frustrerte Fruer (tirsdag er tv-kveld, ja)
- Nytt på nytt (gjerne med ein Bailey's ved sidan av.. Då er det helg!)
- Grønn Glede (fortvilt håp om at det skal gi meg litt inspirasjon til å gjere noko med vår eigen hage)

4 ting eg gjorde igår:
- var på trilletur/luftetur saman med familien - kjekt!
- var på eit sjeldant besøk hos Birger
- arkiverte julekorta for 2008
- vaska kle FOR HAND!!!!!!!! :-((((

4 ting eg ser fram til:
- at kjellaren kjem iorden slik at alle jentene får det rommet dei fortener
- at kjellaren kjem iorden slik at eg får det hobbyrommet eg fortener ;-)
- lysare tider, og med det litt meir overskudd og energi (?)
- akkurat no: Få tilbake vaskemaskina mi!

4 favorittrestauranter:
Som hos fleire andre bloggar eg har vore innom, så er dette punktet litt "vagt"(Er ikkje så veldig van med å gå ut å ete..Obs-kafeen m/ørten handlenett?) Kan heller nemne 4 måltid som eg huskar godt...
- åt ein gong grilla steinbit (eller var det breiflabb..?) på Bud, nydla gøtt uansett kva det var :-)
- hummarsuppe med butterdeig-lokk på Sjøbua, Ålesund
- ein type innbakte pannekaker med eit kjempegodt fyll, servert på ein båt på Seinen (Paris). Hadde levande musikk som spelte Ave Maria når vi passerte Notre Dame.... Gåsehud!!
- Bent meiner eg må notere min eigen Prinsefisk m/reker i kvitsausen...
(trur eg kom meg velberga frå dette punktet her, likevel)

4 ting på ønskelista mi:
- Ny vaskemaskin!!
- økonomisk friheit til å jobbe redusert medan ungane er små (Lotto-gevinst, jatakk!)
- Nordøy-vegen (slik eg kan suse meg ein tur heimatt på Fjørtofta når eg vil..)
- god helse til meg og alle i familien min!

Det var fem gongar fire frå meg! Håper Anette også tek seg tid til å gjere det same :-)
-

4 kommentarer:

Anonym sa...

Fær prøve å gjere ett forsøk... Men d må bli seinere i kveld om ej fær tia :o)

Anonym sa...

Heia tante T...


ÅiÅiÅi...detta var spennande du:-)
Men eg må no sei at det ser ut som om du kom deg velberga ut av dette ja,såg bra ut!
Her heime med oss set her 2 "gutar" som er sjuk :((
Ove er på oppovervei igjen no,men Emil er det andre veien.:(( Akkurat no har han 39,5 i feber,det er ein del så tidleg på dag..Kjedlegt!!
Så no har eg hatt 5 stk i hus den siste mnd som har vore sjuk...SÅ no lurer eg på når eg vert liggande her!! Å uansett så har nok alle reist ut av huset,så kven so skal pleie meg..:o) Å nei...denne seige gammle kjerringa går ikkje på kne og blir sjuk;))
PS! Ska innrømme at forma e ikkje heilt på topp,men det snakker oss ikkje om!! :-))
Håper dokke er frisk!!

Ha ein fin dag!!
Klem frå,
tante Randi & co

trineb sa...

Heia Tante R !
Sjuke der og, ja. Her i huset er det min tur idag... Satser på at det går fort over :-) Så får vi håpe at du slepp unna, og får kose deg i selskap ikveld. Helse bursdagsbarnet!
God betring til alle mann (inkludert meg sjølv..)

trineb sa...

Kven var denne gamle seige kjerringa du snakka om.... ? ;-)