Så innimellom graut-skeiene, vart det litt data :-)
Stilstudie i konsentrasjon.. Ikkje alltid like lett å få fatt i pastaen ;-)
Her ein ettermiddag vart det plutseleg så stilt i huset.. Lone sov ute, Oda hadde tusla seg inn på rommet sitt, og Andrine.... Ja, kvar i alle dagar var Andrine..?! Ropte litt forsiktig, men ikkje svar å få. Kva hadde ho funne på no da.. Såg plutseleg eit pledd som låg flott dandert over eine stuestolen vår, var der ikkje litt bevegelse..? Henta fotoapparatet og stod klar medan eg spurde kvar i alle dagar Andrine var blitt av. Forsiktig titta ho ut, ropte bø! og storkosa seg over at ho hadde klart å lure meg.. Tullejente ;-)
Her er først bilete frå "Nedstegarden". Dei hadde julebesøk frå Stavanger, her representert av AnneLise og Live.
I år var det "Øvstegarden" som stod for middagen. Lisbeth og Rune serverte nydeleg svineribbe. Og så har vi Bjørnar og Torstein ;-)
Vi hadde også eit kjekt besøk hos familien Milic. Måtte ta med eit bilete av Andrea som prøver å teikne handa til Andrine. Koseleg, eller !? (Skulle no eigentleg ha teke med bilete av Trine og Bent som prøver ut ei av julegåvene hos fam. Milic... Men bilete av vaksne i sin beste alder som spelar dataspel, er ikkje alltid like vellukka ;-) Men gøy var det!!!!