Eg er nok ikkje av dei som bidreg til at handelsstanden auker omsetninga ved slike dagar som dette.. Ein blomster til mor og svigermor blir kjøpt, men det blir det også elles i året. Om vi har tid og høve, kan vi lage (eller kjøpe..) kake, men som regel så blir dette ein heilt vanleg søndag :-) Saknar verken diamantar eller ny morgenkåpe!!!

Men i år fekk eg noko som eg sette stooor pris på (-og klump i halsen...), nemleg mitt første morsdagskort! Oda hadde laga det på skulen, og var rett stolt då ho endeleg fekk gi meg det søndags morgonen.
Tusen takk Oda, er veldig glad i deg, store-jenta mi!
MAMMAEN MINMamma du er snillMamma du er godMamma du er fin Mamma eg er glad i degFrå Oda
(Trur eg likar morsdagen likevel, eg... ;-)
2 kommentarer:
Så flott kort da. Malin hadde laga et lignendes kort til meg. Stor klump i halsen da ja. Flinke desse store-jentene våre.
Vanka eit slikt kort med same teksten her i huset mæ:) Kjempefine, og ej treng ikkje nåkke anna enn det ej! Mykje kjekkare når en fær blomster fra mannen på meir "frivillig" inititativ; ikkje fordi han føle at han må..
Legg inn en kommentar