lørdag 21. februar 2009

Utfordring... (long time ago!)

Fekk for ei stund sidan ei utfordring frå Stine om å vise mine Kjøkkenfavoritter.. Sidan det er lite blogg-tid for tida, har dette blitt nedprioritert. Men bileta har lagt på maskina, så det er no litt "synd" å ikkje bruke dei... Det er vel ikkje bilete som vanlegvis kjem i ein album... ;-)

Sidan eg ikkje er ein kløppar bak bakebenken (-skapt eit nytt uttrykk, der ja!), så har eg ikkje så mange klare favorittar i kjøkkenskapa. Skulle eg nemne noko, må det vere handmiksaren, med både visp og småe eltekrokar. Kan brukast til alt....
Istadenfor kjøkkenredskap, kan eg vise andre favorittar:

Te-skrinet er ei av brullaupsgåvene våre, dette fekk vi av Elisabeth og Stein. Har plass til mykje, og svært enkelt og dekorativt når det kjem gjestar. Ein må berre hugse å fylle på etter at gjestane har gått... Betyr mykje for meg pga av symbolikken, eg og Elisabeth har drukke mange tekoppar saman :-)


Brevordnaren frå Kari Trestakk er eg også glad i. Har i dei seinare åra blitt utvida med ei lita korg.. Kan til tider bli mykje rot på vår kjøkkenbenk!! -Og ja, eg hadde rydda for anledninga ;-) Dessverre varte det så altfor kort..

Har lært at knivar ikkje skal ligge i kjøkkenskuffa, då dei blir raskare "sløve". Så då vi fekk nye kjøkkenknivar til brullaupet, kjøpte eg "knife-dots". Synest at magnet-skinner ol. fort kan bli for synlege, desse er ein mellomting som eg synest kan gå på vårt kjøkken.. Ganske enkelt magnetar som blir skjult av kniv-bladet, slik at knivane "svevar" i lufta.



To fluer i en smekk! Vannkoker og oppvaskmaskin.. I bruk kvar dag! Hadde neppe klart meg utan ;-)

Data-benken og/eller avlastningsbenk og/eller rotebenk!
Bent laga ganske tidleg ein data-benk på kjøkkenet av skåper i same type som kjøkkeninnreiinga. Denne blir brukt til alt mogleg, mest til rot dessverre... Det beste med denne er at vi har tv på dataskjermen, ganske greitt når vi skal ha ungane til å sitje stille ved matbordet, medan vi vaksne svinsar rundt om kring og ordnar andre ting.. (Grøss, dette vart lite pedagogisk, du..)
Dette vart ein liten smakebit av mitt kjøkken. Sender vidare til Randi (Kvit Rose) fordi ho er flink både på mat og interiør, og til Elisabeth (Aldri Attletlaus) fordi eg er litt nysgjerrig på kjøkkenet hennar ;-)




3 kommentarer:

Stine sa...

Sånne magnet-brikker vil eg også ha. Kjempelurt!

Solveig sa...

Enig med Stine om at dissa brikkane va kjempelure. Osso må ej sei ej e imponert over ka ryddig brev/rekningearkivet ditt e! Med oss e det overfylt til ei kvar tid...

Siv sa...

Genial med dissa magnet-brikkene, ja! Eg he ei list, og den heng på sida av kjøkenskåpa. Hadde ikkje hatt nok vegg til å ha knivane "svevande" ej... Og godt å høyre at det er fleire som bruker tv på kjøkenet til å "underhalde" ungane (hihi)